Hopp til innhold

Beinbrot sette punktum for Førde-karriera

For andre året på rad måtte Førde-spelar Morten Kvamsdal sjå lagkameratane kjempe om cuptrofeet. No har han bestemt seg for å berre satse på sandvolleyball.

Morten Kvamsdal

SLUTT: Morten Kvamsdal applauderte gamle lagkameratar inn på finalearenaen. I fjor låg han i sjukesenga med broten fot då lagkameratane kjempa om cuptrofeet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Volleyballspelaren har ikkje klart å kome seg inn att på volleyballbana at han braut foten før cupfinalen i fjor.

Heller ikkje i år fekk Morten Kvamsdal medverke då Førde på nytt møtte Nyborg. Etter eit forsøk på å komme tilbake på volleyballbana i romjula, gir han no opp.

– Eg prøver så godt eg kan å slå meg til ro med at eg ikkje kan spele meir innandørs. Då er det best å konsentrere seg om det eg kan, så får dei ta seg av det som skjer på bana, smiler han.

Fekk flaschback

Morten Kvamsdal 6

STYGT: Det var ein alvorleg brotskade Morten Kvamsdal fekk mot Tromsø i fjord.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kvamsdal gjer som Geir Eithun, satsar på ei karriere som sandvolleyballspelar. For medan han i sommar fortalde om mental sperre så fort han entra volleyballbana innandørs , meiner han no å ha kome over denne biten.

Diverre er det no foten som ikkje taklar påkjenningane å spele på hardt underlag.

– Eg prøvde så vidt i jula, men etter ei trening inne så var det to-tre dagar ute utan trening. Då er det ikkje verdt det. Så no er det sandvolleyball for alle pengane, seier han.

Den dramatiske episoden mot Tromsø i seriekampen i fjor, set friskt i minnet. Etter ei blokk landa han på foten til ein motspelar. Legen vart broten rett av.

– Eg får stadig flaschback til hendinga i fjor når dei blokkar ut på kanten her. Det sit framleis i, seier han og ser lagkameratane kjempe mot Nyborg og sandvolleyballmakker Øyvind Hordvik.

– I fjor var det kjipt

Fjorårets finaletap mot Nyborg såg han frå sjukesenga. Då Førde tapte på nytt i år, var han komen i idrettshallen.

– Det er mykje greiare i år enn i fjor. Då var det kjipt, for å bruke finare ord. Eg hadde sett så lenge fram til finalen, å slå Nyborg og gamle lagkameratar. I år var det slik det måtte bli, seier han og vedgår at kjenslene framleis er sterke for Førde volleyballklubb.

– Nyborg har vunne nok

Difor håpa han også at klubben han framleis står som spelar i, tukta både Nyborg og sandvolleyballmakker Øyvind Hordvik.

– Nyborg har vunne nok. Øyvind har vunne nok, eller i alle fall mange gonger, så eg unnar verkeleg Førde dette trofeet, seier han og ser Nyborg slå inn poeng etter poeng.

– No spelar jo Øyvind der, så han blir sikkert veldig nøgd med at eg held med Førde, humrar han.

Set pris på Førde

– Men eg er veldig takksam for støtta eg har fått frå Førde i perioden som har vore, seier han.

– Kva har dei kunne gjort for deg?

– Tja, kva kan ein gjere. Ein kan vise at ein bryr seg, støtte opp. Det er rett og slett kjempefine folk i og rundt Førde volleyballklubb. Og det er slikt ein ikkje skal ta for gitt. Eg set veldig, veldig stor pris på klubben og måten dei har støtta meg.

– Byrja okay

Men i Domus Athletica måtte Kvamsdal sjå lagkameratar som sleit stort med heiltente Nyborg-spelarar.

Bergenslaget leia heile vegen og vann til slutt 3-0 i sett.

– Førde byrja som vanleg okay, men så dabba det av etterkvart. Nyborg spelar stabilt godt. Dei har få svakheiter, server bra og er gode i mottak. Då er dei frykteleg vanskelege å slå, oppsummerer Kvamsdal.