Hopp til innhold

Mental sperre hindrar Førde-spel

Sju månader etter at Morten Kvamsdal braut foten på volleyballbana, er det framleis uvisst om han vil trekkje Førde VBK-drakta over hovudet igjen.

Øivind Hordvik og Morten Kvamsdal jublar for NM-gull i sandvolleyball.

JUBLA: Mjukt underlag gjer at Morten Kvamsdal (t.h.) har våga seg til att med sandvolleyball. Her jublar han over helgas NM-gull med makker Øivind Hordvik.

Foto: Børre Eirik Helgerud

Diagonalkjempe kan gle seg over helgas NM-gull i sandvolleyball, saman med makker Øivind Hordvik.

Men om sunnhordlendingen nokosinne kjem til å spele volleyball innandørs att er heilt i det blå.

– Per dags dato har eg mentale utfordringar med å hoppe og bevege meg innandørs med raske rørsler. Eg fekk så pass skrekken i vinter. Berre eg ser folk hoppe på asfalt så tenkjer eg at det der må gå gale, fortel Morten Kvamsdal.

Braut foten i januar

23-åringen spelte sin førebels siste seriekamp for Førde i januar i år. Etter å ha sytt for 12 poeng, braut han begge beina høgrefoten tvert av . I tillegg vart nokre muskelfibrar rivne av. Dette var hans første sesong for Førde.

Legane meinte han ikkje vil spele meir volleyball i år, men Kvamsdal ville det annleis. For nokre veker sidan vann Hordvik/Kvamsdal ei Norges Tour-turnering i Farsund. I helga vart det NM-gull i sandvolleyball.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Kvamsdal 6

SKADD: Morten Kvamsdal fekk ein alvorleg brotskade i eliteserieoppgjeret mot Tromsø i januar i år.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg veit ikkje per no om det blir meir spel innandørs. Eg kvir meg til å hoppe innandørs, men det kan ikkje vere slik alltid. Eg har veldig lyst til å komme tilbake att og medverke til at Førde tek både serie- og cupgull, seier Kvamsdal.

Slo lagkameratar

Frå sjukesenga måtte han sjå Førde tape cupfinalen mot Nyborg. Samstundes sette han seg mål om vere klar til dyst til sommarens NM. Og der skulle det bli gull.

Kom heilt til finalen

NM-SØLV: Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes.

Foto: Jan Egil Tvinde

I finalen slo duoen Førde-spelarane Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde. Gullet heng høgt.

– NM-målet har vore drivkrafta. For eg har jobba hardt og målretta. Eg har gjort alt eg kunne med kroppen, for å vere best mogleg rusta. Du mister mykje balltouch og styrke, men trenar du hardt og rett så kjem du relativt fort tilbake, meiner han.

Jarnstong i foten

Etter legane sine råd var det først no på desse tider at 23-åringen kunne starte trening. Kvamsdal meiner han ikkje har sett helsa på spel ved å trasse legane sine råd.

Diagonalspelaren bur no i Stavanger der han studerer petroleumsteknologi. Han er snart ferdig med bachelorgraden, noko som betyr at han har to år att av den femårige utdanninga.

– Det er mjukare å spele ute enn inne, difor kan eg begynne så pass tidleg. Eg har jo framleis ei jarnstong i foten, så eg trur det skal gå veldig fint. Men det er ikkje meir enn tre, maks fire veker sidan det slutta å gjere vondt å hoppe i sanden, seier han.

– Førde forstår

– Eg veit ikkje når eg bestem meg for korleis det blir med spel innandørs att, seier han og fortel han har blir møtt med forståing av volleyballmiljøet i Førde.

Då skaden råka Kvamsdal berre åtte kampar inn i serien, var han mellom Førde sine mest verdifulle spelarar, med eit snitt på 13,5 poeng per kamp.

Morten Kvamsdal

TILBAKE: Morten Kvamsdal tok NM-gull i sandvolleyball i helga.

Foto: Førde VBK

– Dei har jo vore med på dette før, med Martin Berntsen mellom anna som fekk seg ein skikkeleg karamell. Eg har sagt at eg ikkje vågar å risikere å spele innandørs. Slik det er no, seier han.

Fryktar ny skade

– Eg håpar og trur at eg skal overvinne frykta, men kor fort det skjer veit eg ikkje. For no tenkjer eg at det gjer veldig vondt når eg hoppar. Om ikkje kjenner første gang, så gjer det gjerne vondt i etterkant. Eg er redd det skal skje igjen, legg Kvamsdal til og siktar til det alvorlege beinbrotet.

Og skulle han komme tilbake, så er det berre ein klubb det er aktuelt å spele for.

– Eg stortreivst i Førde. Dei har heilt klart vore den beste klubben eg har spelt for, både på og utanfor bana. Den tida eg låg på sjukehus, så fekk eg så mykje besøk både frå kjende og ukjende at det var mest overveldande, seier han og legg til:

OL-medalje i 2016

– Førde har dei beste spelarane og eit veldig godt støtteapparat. Målet i fjor var å kunne ta både cupgull og seriegull. Å dytte Nyborg ned frå trona. Eg meiner dei har vore der litt for mange år no. Den lysta har eg framleis.

Med sandvolleyballmakker Hordvik, som elles også spelar for Nyborg, er målet å kvalifisere seg til, og å hevde seg under OL i Rio de Janeiro i 2016.

– Grunna skaden ligg vi litt etter skjema, men det lovar likevel godt. Eitt år til med trening, så har eg absolutt trua på at det blir bra. Eg trur ikkje det er noko urealistisk mål å både nå Rio, og gjerne kome heim med noko derifrå, avsluttar Kvamsdal.