Kettlebell-interessa har dei siste åra teke av.
Kettlebells er ei forholdsvis ny treningsform i Norge, som kan sporas tilbake til 1700-talets Russland. Der vart kulene med handtak, som opphavleg heiter girya, brukt til å knusa korn, og til vekter.
Innhaustinga var hardt og langt arbeid som var tungt for kroppen. Etter dagens økt pleidde gardskarane å bruka vektene til å løysa opp såre musklar i nakke, skuldrer, korsrygg og kjernemuskulatur, samstundes som dei vart sterkare. Det var byrjinga på dagens kettlebellstrening.
– Interessa har eksplodert, seier instruktør Odd Arild Løseth.
Dei siste åra har fleire og fleire fått auga opp for denne treningsforma, og i Høyanger valfartar no folk, og mest kvinner, til gymsalen for å vera med på trening med moderniserte, russiske kornknusarar.
– Det er kjempeartig og veldig god trening. Det er både styrketrening og kondisjonstrening på ein gong, og det er ikkje so mange treningsformer som er slik, seier Løseth.
– Det er bra trening, eg kjenner verkeleg at eg har trent, seier Susanne Vadheim. Ho er ein av dei som strøymer til idrettshallen i Høyanger for å svinga på kulene sine.
Det er no om lag 40 damer i Høyanger som er med på denne treningsforma.
– Det er god trening for rumpe og bryst, ein får ein fin sommarkropp, ler Vadheim.