Hopp til innhold

Kristen debuterte som vêrmann

I går kveld vart Kristen Myklebust Ravnestad frå Sandane den første mannen som har presentert vêret på TV2 sidan1996.

Kristen Myklebust Ravnestad

NØGD MED DEBUTEN: Kristen Myklebust Ravnestad.

Foto: Ronald Toppe / TV2

Og debuten gjekk godt. Sjølv er han nøgd.

– Eg tykte det gjekk bra. Det var veldig deilig å få overstått den første sendinga.

– Var du ikkje nervøs i det heile?

– Å jau, sommarfuglane var absolutt til stades, men det er narturleg når det er første gongen eg skal prøve meg på lufta. Men eg følte likevel at eg hadde nervane under kontroll.

– Kjekt med positive tilbakemeldingar

For han har hatt mange timar med trening framfor den blå skjermen, det ligg mykje øving bak. Og tilbakemeldingane har vore gode.

– Eg har fått ein god del tilbakemeldingar både i går kveld og i dag, det har vore mykje positivt, og det er kjekt at folk har fått det med seg og kjem med positive tilbakemeldingar.

Og han har fått skryt for debuten både frå Storm og TV2. Og framover blir Kristen å sjå som vêrpresentatør sju-åtte gonger i månaden. Han har ei 40 prosent stilling som presentatør, resten av tida er han i Storm.

– Eg har fem års utdanning i meteorologi og har jobba i Storm i to år. Der skal han halde fram i 60 prosent stilling som varslingsmeteorolog.

– Og du har ikkje fått kjeft frå folk som saknar vêrdamene?

– Nei, dersom nokon har klaga på det så har det ikkje kome meg for øyre. Og vêrdamene skal halde fram, eg tek ikkje heilt over...