Hopp til innhold

Kalde klasserom stengjer skule

Vågsøy ungdomsskule i Måløy må halde stengt fordi det er for kaldt i klasseromma. 232 elevar fekk dermed skulefri i dag.

Vågsøy ungdomssule og Kåre Bakke (Montasje)

HELD STENGT: I dag har elevane ved Vågsøy ungdomsskule stengd. Rektor Kåre Bakke seier temperaturen var langt under det som var lovleg.

Foto: Bjarne Eldevik/Asgeir Reksnes, NRK

Årsaka til problema er ein lekkasje i varmeanlegget til skulen før jul, skriv Fjordenes Tidende.

Arbeidet med anlegget har pågått sidan romjula og i dag skal det nye systemet testast ut. Difor må skulen halde stengt, for dei klarer ikkje halde temperaturen høg nok når anlegget er av.

– Eg har jobba på skulen sidan 1987, men har aldri opplevd at skulen har måtte stengje på grunn av kulde, seier rektor Kåre Bakke til avisa.

Stor jubel

Arbeidet med varmeanlegget skulle eigentleg ta nokre timar. Då rektor fekk beskjed om at det ville ta heile dagen, hadde Kåre Bakke ikkje noko anna val enn å stengje skulen.

– Vi blei tatt litt på senga, seier han til NRK.no.

– Kva sa elevane då dei fekk vite om den stengde skulen?

– Det blei stor jubel og eg blei ein populær rektor, ler han.

Langt under lovleg grense

Bakke har ikkje målt temperaturen i klasseromma i dag, men meiner den er langt under det som er forsvarleg. Men skulen har hatt problem med å halde oppe varmen heilt sidan før jul.

– Det har vore trøbbel sidan kuldeperioden starta. Vi har ofte hatt 10–12 grader i klasseromma før elevane kjem på skulen, seier han.

Vaktmeisteren har måtta fylle på vatn på radiatoren kvar morgon for å få nok varme til elevane kjem.

– Då har temperaturen stige raskt. Når anlegget no er reparert, får vi igjen den temperaturen vi skal ha.

Må gjere oppgåver

Elevane får likevel ikkje heilt fri i dag, for dei har fått oppgåver å gjere heime. I morgon er det vanleg skule for dei unge. Då skal det igjen vere godt og varmt i klasseromma.

Men sjølv om elevane har fri, må lærarane vere på jobb. Med varmeomnar på lærarrommet, klarer dei å halde varmen. Heller ikkje rektor frys.

– Eg har budd meg godt, men ull inst mot kroppen, seier han.