Hopp til innhold

Sogndal vil byggje medisinsk senter

Sogndal kan snart få eit nytt, stort helse- og sosialsenter. No blir innbyggjarane inviterte til folkemøte.

Sogndal

ØSNKJER HELSESENTER: Sogndal kan snart få eit nytt lokalmedisinsk senter.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Kommunen vil truleg i løpet av året vedta byggjestart for eit lokalmedisinsk senter. Det vil dekke kommunen sitt behov for lokalmedisinske tenester åra framover.

Vil ha nære helsetenester

Jarle Aarvoll

Ordførar Jarle Aarvoll vil ha brukarnære helsetenester.

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) meiner at dette ikkje kjem i konflikt med planane om bygge opp eit slikt senter kring sjukehuset i Lærdal.

– Vi løyser helseutfordringane med samhandlingsreforma. Der vi kan løyse det brukarnært, gjer vi det. Må vi må samarbeide på tvers av kommunegrenser, så gjer vi det, seier han.

Truleg ikkje samarbeid med Lærdal

I realiteten vil bygginga av det nye senteret i Sogndal sentrum vere eit takk og farvel til eit mogleg samarbeid om eit lokalmedisinsk senter i Lærdal.

Ordføraren meiner ei samling om Lærdal vil bety utflytting av tenester frå Sogndal..

– Konsekvensen for oss ville vore at vi flytta helsetenester frå Sogndal til ein annan stad. Det er ikkje ønskjeleg ut frå eit brukarperspektiv.

Denne veka inviterer kommunen til folkemøte, der dei vil fortelje at dei vil bygge av omsyn til eigne innbyggarar.

– Vi vektlegg omsynet til brukaren fullt ut. Det er det vi skal gjere i samband med samhandlingsreforma.