Hopp til innhold

Ferska etter kort promilletur

Mannen køyrde ikkje langt, men vart ferska. No er han straffa for at han køyrde bil i rusa tilstand.

Sogningen i 20-åra erkjende promilleturen då han nyleg møtte i Fjordane tingrett, tiltalt for å ha køyrt bil med alkohol i blodet.

Ifølgje domen var det ikkje lange køyreturen, men med ein promille på 0,87 halvannan time etter at han var på landevegen, var køyreturen likevel langt frå lovleg.

I retten erkjende mannen alt, og påtalemakta la ned påstand om fengsel på vilkår i 24 dagar - og 10.000 kroner i bot. Alternativet for bot er fengsel i 15 dagar.

Retten la i straffeskjerpande retning vekt på farepotensialet slike promilleturar er, både for føraren sjølv og andre. Med ei prøvetid på to år landa retten på at påstanden frå påtalemakta var passande.

Derimot fekk mannen ein månad mindre tap av førarretten, enn det påtalemakta kravde. Mannen må klare seg utan førarkort i 19 månadar. Til frådrag kjem tida han allereie har vore utan førarkort.