Hopp til innhold

To til sjukehus etter utforkøyring

To personar er sende til sjukehus etter ei utforkøyring på E39 ved Anda i Gloppen laurdag kveld.

Utforkøyring på E39 ved Anda i Gloppen

UTFOR: Bilen køyrde av vegen og landa til slutt på taket i skogen nedanfor vegen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Alle naudetatane rykte ut etter at det kom melding ei utforkøyring på E39 klokka 20.23.

Ein personbil med to personar skal ha køyrd av vegen, og begge er frakta til sjukehus. Ifølgje politiet skal dei to ha blitt lettare skadde.

Bilen var på veg i retning Sandane og hadde køyrd gjennom tunnelen som går under flyplassen då den hamna utfor vegen. Bilen skal ha hamna eit stykke utfor vegen, opplyser politiet.

Bilen vart liggande på taket og fekk ein del skader.

Årsaka til ulukka er førebels ikkje kjent.

To til sjukehus etter trafikkulukke på E39 ved Anda

PÅ TAKET: Bilen hamna på taket etter utforkøyringa. Dei to personane som var i bilen er sende til sjukehus.

Foto: Truls Kleiven
Trafikkulukke på E39 ved Anda

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte ut til ulukka som skjedde like ved tunnelen som går under flyplassen på Anda.

Foto: Truls Kleiven