Jubelen stod i taket då Jotun i dag tok eit avgjerande steg mot kvalifiseringsspel for 1. divisjon i handball. Årdølane leia store delar av kampen mot Os, men ein periode etter pause såg det mørkt ut.
Marianne Stedje Øren har markert seg gjennom heile sesongen med over 80 mål. Motstandarane Os sette frimerke på Jotun-spelaren som til slutt berre noterte seg med eitt mål i kampen som enda 25–21 i favør årdølane.
– Alle kampar er forskjellige, og ein kan ikkje vere like heldig kvar gong, seier ho om eigen innsats.
Toppar tabellen
Med to nye poeng etter 25–21 sigeren over Os laurdag ettermiddag har Jotun sikra seg ei luke på åtte poeng ned til andreplassen på tabellen, nettopp Os.
I 2. divisjon avdeling 4 har Jotun no 24 poeng, medan Os på andre har 16 og Kjøkkelvik ligg hakket bak med 15 poeng etter 12 kampar.
Det er åtte kampar att av sesongen, og mykje ligg no til rette for at Jotun får spele kvalifisering om å ta seg opp til ein tøffare divisjon.
Jotun leia like før pause med fem mål, men då laga tok ein pust i bakken var stillinga 12–9. Etter pause var det Os som tok føringa, og ein periode var det gjestane frå Hordaland som var i tet.
(Artikkelen held fram under biletet)
Glad lagvenninnene tok ansvar
Mot slutten kom Jotun sterkt tilbake og vann med fire mål. Marianne Stedje Øren er svært glad det gjekk vegen.
– Det er klart det betyr mykje når vi slår Os. No fekk vi endå to poeng, og det er bra, men det er mange kampar att, seier ho og vil ikkje ta kvalifiseringsspel på forskot.
At ho har markert seg som ein måltjuv av dei store hadde også gjestane lagt merke til, og store delar av kampen vart ho effektivt sett ut av spel med det som i handballverda blir kalla frimerke. Stedje Øren er glad ho har mange dyktige lagvenninner.
– Dette er eit lagspel og i dag var det mange andre som gjorde ein godt kamp, seier ho til NRK.no.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Tre kanonspelarar
Ei av dei som igjen viste seg fram frå si beste side var Agnieszka Tyda. Med sju mål vart ho toppskårar på kampen i dag.
Sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam, er godt nøgd med både Stedje Øren og Tyda sine prestasjonar.
Han meiner Stedje Øren er ein spelar som held eliteserienivå.
– Ho er ein veldig komplett spelar, seier Kvam.
– Vi skal heller ikkje gløyme Rebecca (Brun Steinheim, red. anm). Ho tok ansvar og sette inn viktige mål mot slutten. Så vi har tre kanonspelarar, og i tillegg mange ungjenter som blomstrar, seier Kvam nøgd.
Talenta Kristine Lindborg (19) og Rebecca Brun Steinheim (18) prikka inn 6 mål kvar. Dette stadfestar at talentuviklinga til Jotun ber frukter.
– Fenomenalt
Kvam er spesielt godt nøgd med at Jotun kjem tilbake etter det han skildrar som ein ujamn kamp. I perioden like etter pause var det mykje som ikkje fungerte for årdølane.
– Det stokka seg veldig, det var mykje feilpasningar og vi fekk ikkje flyt i spelet. I tillegg var det mykje ruskete spel av sentrale spelarar, seier Kvam.
– At vi vinn på ein så dårleg dag viser styrke,
– Vi skal kome sterkare tilbake, men som sagt, eg synest det er fenomenalt at vi vinn denne kampen.