Hopp til innhold

Mindre krav til dokumentasjon

Jerv

ROVDYR: Jerv er ein av dyra som tek flest husdyr på beite.

Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

– Dette er ein viktig dom, meiner stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet.

Strenge krav

Stortinget har sagt at husdyr som vert tekne av rovdyr skal erstattast fullt ut. Krava til rovdyrdokumentasjon er likevel så strenge at staten i 2008 avviste over 40 prosent av erstatningskrava.

– Dommen er viktig for den slår fast at når ein har sagt ein skal ha rovdyr i dette landet så kan ein ikkje skyve kostnaden ved det over på bøndene, seier Sande.

Dommen frå tingretten slær fast at bønder kan få erstatta husdyr sjølv om ein ikkje finn kadaver, dersom ein veit det har vore rovdyr på ferde i eit område.

Millionutbetaling

Her i fylket vart det i 2011 betalt ut nær 1 million kroner i erstatning for husdyrskade gjort av jerv, gaupe og kongeørn.

Det kom inn 90 søknader, men 13 vart avslått på grunn av manglande dokumentasjon.

Erling Sande i SP

Sp-politikar: Erling Sande

Foto: Scanpix

Sande seier den nye dommen slær fast at bønder kan få erstatning sjølv utan dokumentasjon, dersom ein veit at rovdyr har vore i området.

Ein legg då til grunn det dei kallar normaltap av husdyr.

– Altså dei tapa som ein hadde før rovdyra gjorde sitt inntog i norsk natur på nytt. Dei tapa som er ut over det, vert belasta rovdyra fordi ein rett og slett ikkje finn alle kadaver, seier Sande.

– I så måte må ein legge til grunn at dette vert praksisen, det retten no har sagt skal vere, seier Sande.

– Går i rett retning

Også stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre er glad for dommen frå Trøndelag.

– Når det er mange rovdyr i eit område, så vil det automatisk føre til større tap.

I fjor fekk fleier sauer og lam enn tidlegare år gå i fred på sommarbeite.

– Eg synes dei premissane som ligg i denne dommen er veldig interessante, og at dei peikar i rett retning, seier Lødemel.