Hopp til innhold

Feil på høgspentlinje i Luster

Tre mann har sidan halv-totida tysdag arbeidd med å få straumen tilbake til bygda.

Høgspentlinje i Luster

UTAN STRAUM: Ein feil på eit høgspentlinje fører til at deler av Forun er utan straum tysdag.

Foto: NRK-tipsar

- Det er ein feil på ei høgspentlinje som vi no jobbar med å rette, fortel overordna vakt ved Luster Energi, Hallgeir Hatlevolld.

Dermed er deler av Fortun i Luster utan straum tysdag kveld.

- Vi oppdaga ein feil tidlegare i dag som no er retta. Men no er det funne ein annan feil på ei anna linje og dermed er det framleis folk utan straum, seier Hatlevolld.

Tre mann er sving for å rette opp i feilen, og Hatlevolld trur innbyggarane i Fortun snart har straumen att.

- Vi kjenner til feilen og veit kvar den er, så dette skal vi få rydda opp i ganske kjapt.