Hopp til innhold

Rakettrekord på barnekjippen

Florøværingane brukte over 60 000 kroner på fyrverkerifesten etter barnekjippen.

Kjippen i Florø 2012

REKORD: Det vart eit flott fyverkeri på himmelen over Florø etter barnekjippen måndag.

Foto: Truls Kleiven

- Isolert sett er det ny rekord for innsamla midlar, seier ein av dei ansvarlege for barnekjippen sitt fyrverkeri i Florø, Jan Roar Hatlem til firdaposten.no .

Folk i kystbyen har i år tilsaman samla inn 61 000 kroner til fellesfyverkeriet.

Men med så mykje nedbør og vind vart det litt utfordrande å skyte opp fyverkeriet.

- Oppskytinga varte nokre minutt lenger enn planlagt på grunn av vêret. Vi kunne ikkje skyte opp alt på ein gong utan at luntene hadde blitt våte.