Hopp til innhold

Snø og regn fører til stor rasfare

Den første veka i det nye året kjem med rasfare, glatte vegar og sterk kuling.

Uver ved Kråkenes fyr.

UVÊR: Det er venta at den første veka i 2013 vil bli våt og snørik med stor rasfare i Sogn og Fjordane.

Foto: Bjarne Eldevik

Seint søndag kveld har Meteorologisk institutt sendt ut obs-varsel for Sogn og Fjordane.

Det er fare for svært glatte vegar i fylket på grunn av temperaturendringar.

Svært stor rasfare

Luftputebåten frammafrå

HAR BÅT: I Veitastrond klarar dei å ta seg fram sjølv om det vegen er stengd av ras. Men i romjula heldt det på å gå gale.

Foto: John Molland

- Det ser ikkje så veldig lovande ut for den første veka vêrmessig, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

Han fortel at det er eit lågtrykk som vil prege Sogn og Fjordane dei komande dagane og at det vil kunne få store konsekvensar.

- Det er framleis svært stor rasfare fleire stader på grunn av vêrtypen som ligg over fylket. Temperaturane vil gå litt opp, men kryp nedover gradestokken om natta. Og med regnet som er venta vil dette føre til at det kan rase, forklarer Granerød.

Det har vore stor rasfare i nyttårshelga og Statens vegvesen fortel om stor pågang på telefonen frå folk som har opplevd svært glatte vegar i fylket.

Regn og sluddbyger

Stengt grunna ras

KAN STENGE: Glatte vegar kan føre til stengde vegar i fylket utover veka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

1.nyttårsdag er det regn og sluddbyger og snøgrensa er frå 200- 400 meter. Det er også utrygt for torevêr i dei ytre delane av fylket. Den andre dagen i 2013 kjem med skiftande bris og auking til sørleg sterk kuling på kysten.

- Der kjem det til å blåse ein god del, men vinden er sørleg og difor vil ein ikkje merke så mykje til den lenger inne i landet, seier statsmeteorologen.

Så kjem det samanhengande regn og det vil bli varmare. Snøgrensa held seg på 400 meter.

- Torsdag er kanskje den dagen det kan bli litt lysning med ein tørr kveld for Sogn og Fjordane slik det ser ut no. Men dagen startar med regnbyger.

Ber folk om å vere obs

Granrød på Meteorologisk instiutt fortel at rasfaren vil bli større utover veka.

- Innimellom regnbygene vil det snø og dermed vert snøgrensa utstabil. Og når det skjer er det ofte at det rasar.

Statsmeteorologen ber folk om å vere spesielt merksame på dette og seier dei som har tenkt seg ut i terrenget bør bu seg godt og skaffe seg oversikt over situasjonen der dei skal ferdast.

- Folk bør vere varsame og halde seg unna rasfarlege område.