Hopp til innhold

Mindre skredfare i fjellet

Det er ikkje lenger like stor skredfare i fjellet, men skiløpar blir likevel vere forsiktige når dei skal ut på tur.

Skred på fylkesveg 13 over Gaularfjellet
Foto: Statens vegvesen

Mildvêret har bidrege til å stabilisere snøen nord i fylket, seier skredekspert Krister Kristensen i NGI.

– På Strynefjellet har mildvêret bidrege til at snødekket har stabilisert seg. Der var det lite snø, så det ganske bra forhold no. Det gjeld opp til 1000–1200 meter, seier han.

Kan vere ustabile snødekke

Lenger sør i fylket der det har gått fleire ras, mellom anna i Veitastrond og på Strynefjellet. Kristensen seier at også her har snøen stabilisert seg.

– Skreda kom i samband med mildvêret og når temperaturen igjen går ned, vil det igjen stabilisere seg. Kulde etter mildvêr vil alltid vere gunstig, seier han.

Men sjølv om skredfaren har blitt mindre, åtvarar han skiløparar som skal til fjells.

– For dei som ferdast høgt til fjells, vil det framleis vere området der snødekket er ustabilt og det er mogleg å løyse ut skred, seier han.

Obs-varsel: Ventar mykje nedbør

Når det gjeld vêret nyttårsaftan, er det venta litt stigande temperaturar før det blir kaldare 1. nyttårsdag.

Det blir sør og søraustleg liten kuling 12 m/s utsette stader. Frå måndag kveld blir det sørleg stiv kuling 15. Regn i låglandet og snø over 600–800 meter.

Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel om at det måndag er venta lokalt mykje nedbør på Vestlandet sør for Stad. Enkelte stader kan det komme 40–70 mm.

Frå i natt blir det sørvest stiv kuling 15, liten storm 22 ved Stad. Tysdag morgon minkar vinden til sørvest frisk bris 10 og liten til stiv kuling 15 ved Stad. Det blir regnbyger, først i ytre strok. Nedbøren kjem som snø over 200–400 meter.

Vegtrafikksentralen opplyser at det er uvisst om Vikafjellet opnar i dag. Stadig nye småras i området gjer oppryddingsarbeidet vanskeleg.