Hopp til innhold

– Pass på trampoliner og lause ting

– Dei aller, aller fleste tenkjer at dette skjer ikkje meg, men der tek dei feil, seier informasjonsansvarleg i Gjensidige Arne Voll.

Slik har "Dagmar" herja i Florø

ORKAN: Slik såg det ut i Florø etter romjulsorkanen i fjor.

Foto: Truls Kleiven

Orkanen Dagmar i romjula i fjor råka Vestlandet knallhardt. Også forsikringselskapa fekk svi. Totalt kom utbetalingane på 1,3 milliardar kroner.

Medan dei som har fått merke orkanar sine herjingar skjerpar seg, trur mange andre at det ikkje er naudsynt å sikre eigedomane sine mot ekstremver.

Kvar dag vert nokon råka

– Dei som har opplevd ein skade er nok litt meir obs når det begynner å blåse, eller når det er meldt dårleg ver, seier Voll.

Etter romjulsorkanen kom det inn 9.400 skademeldingar.

Tenkjer du at det sikkert ikkje er du som vert råka av uver neste gong? I så fall tenkjer du som mange andre, hevdar Voll.

Arne Voll, Gjensidige Forsikring, med eksempel på parkeringskade

Arne Voll

Foto: Arne Voll

– Dei aller, aller fleste dei tenkjer at dette skjer ikkje meg, men der tek dei feil. Det er desverre slik at kvar einaste dag så er det nokon som tek feil, seier Voll.

Nye stormar på trappene

Voll meiner folk må gjere det dei kan for å beskytte seg sjølv og verdiane sine, sjølv om dei ikkje har opplevd dramatikk tidlegare. For nye stormar vil alltid vere på trappene.

– Det er nok mange som er blitt flinkare til å ta førehandsreglar, men samstundes er det heilt sikkert nokon som kunne teke nokre grep for å sikre seg betre, seier Voll.

– Pass på lause gjenstandar

Voll viser til at det er mange ting som kan få luft under vengene når det vinden tek seg opp.

– Trampoliner har vi jo sett dømer på dei siste vekene. Dei lever sitt eige liv og tek sine eigne vegar i vinden.

– Pass på lause gjenstandar som ligg rundt, sjå til båtar, ikkje parker på plassar som er utsett dersom det bles kraftig, seier han.

– Det vi er redd for er dersom desse gjenstandane treff mennesker, seier Voll.