Hopp til innhold

Få takka ja til gratis forsikring

Berre fire prosent av skogeigarane sa ja til Skogbrand sitt tilbod om gratis skogforsikring i eitt år.

Orkanskade på skog.

SKADER FOR MILLIONAR: Mykje skog fekk store orkanskader då uveret Dagmar herja.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det skriv Sunnmørsposten. Skogbrand er det einaste selskapet som forsikrar skog, og har hatt tilbod om gratis forsikring i år i samband med 100-årsjubileet sitt.

Då romjulsorkanen feia over fylket i fjor øydela den 350.000 kubikkmeter med skog. Frå før av har ein stad mellom 10 og 20 prosent av skogeigarane i fylket forsikring, men sjølv med orkanen Dagmar ferskt i minnet, var interessa laber. På Austlandet er mellom 60 og 70 prosent av skogen forsikra.

– På Vestlandet er det liten kultur for å drive med skogbruk og eigarane er ikkje klare over verdiane he, seier marknadsdirektør Kjetil Løge i Skogbrand til nettavisa.

Han trur det er mange som ikkje har fått med seg at Naturskadefondet har slutta å dekkje skader på skog.

Meiner talet er skremmande lågt

Styreleiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag, Ingunn Kjelstad, tykkjer det er dumt at så få forsikrar skogen sin i Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer det er eit skremmande lågt tal med tanke på dei erfaringane vi hadde etter Dagmar. Eg hadde håpa at fleire skogeigarar ville forsikre seg etter dette, seier ho til NRK.no.

Ho trur også talet her i fylket er lågt fordi dei ikkje har eit aktivt forhold til skogen og at folk trur skogforsikring er dyrt.

– Det hr kanskje ikkje vore godt nok informert om skogforsikring, trur ho.