Hopp til innhold

Ber folk ta forholdsreglar

– Medan dei som har fått merke orkanar sine herjingar skjerpar seg, trur alle andre at det ikkje er naudsynt å sikre eigedomane sine mot ekstremver.

Det seier informasjonsansvarleg i Gjensidige, Arne Voll.

Forsikringselskapa måtte ut med 1,3 milliardar kroner etter orkanen Dagmar i romjula i fjor.

Voll meiner folk må gjere det dei kan for å beskytte seg sjølv og verdiane sine, sjølv om dei ikkje har opplevd dramatikk tidlegare.