Hopp til innhold

– Legg ein ned hardt nok arbeid over lang tid, så får ein betalt for det

Han har brukt 2012 til å etablere seg på det norske hopplandslaget, og nyttår feirar Anders Fannemel som den andre frå Sogn og Fjordane med deltaking i den tysk-austerrikske hoppveka.

Anders Fannemel

JUBELÅR: Skihopparen Anders Fannemel har teke sporten med storm etter at han for alvor kom med på det norske hopplandslaget.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

– Korleis var 2012 for deg?

– 2012 var eit veldig bra år for meg. Spesielt i hoppbakken losna det skikkeleg og eg hadde stor framgang.

– Kva var di beste oppleving i året som gjekk?

– Mi beste personlege oppleving i året som gjekk var i Vikersund, då eg hoppa 244,5 meter i 1. omgang i VM. Før sesongen hadde eg små von om å få vere ein del av VM laget, og ein liten drøm om å få hoppa over 200 meter. I løpet av kort tid hadde eg auka den personlege rekorden min med over 50 meter.

Vil lære meir

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012?

– Eg må nok igjen til hoppbakken, då Anders Bardal tok samanlagdsigeren i verdscupen. Det viste meg at dersom ein legg ned nok hardt arbeid over lang tid, så får ein betalt for det etter kvart.

– Kva forventingar og håp ar du til året som ligg framfor oss?

– For året som ligg framfor oss, håper eg at eg kan fortsette utviklinga mi som skihoppar. Uansett korleis det går, trur eg at eg kan lære mykje av det til seinare i livet.

Godt med avstand

– Har du nyttårsforsett?

– Eg har ingen nyttårsforsett akkurat no. Sikkert mange ting eg kunne ha blitt flinkare til, men har ikkje tenkt på det endå.

– Korleis feirar du jul i år?

– Eg feirar jul heime med familien i Hornindal. Vi brukar å ete pinnekjøt og hjortepølse med poteter og kålstappe. Det blir ikkje lange tida heime, men det er alltid godt å få nokon dagar heime med litt avstand frå hoppinga.

Aka på julaftan

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Eg har mange gode minner frå jula i barndomen. På julaftan brukte vi å stikke ut å renne på kjelkar for å få tida til å gå fortare. Ellers var det som no kjekt å vere samla med familien.

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Får alltid noko fint og nyttige ting til jul. Kjem ikkje på noko spesielt der.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– For å vere heilt ærleg, er det ikkje mykje eg gjer. Er nok noko eg kan bli flinkare til.