Hopp til innhold

Sogning tiltalt for skattesnusk

Ein mann frå Sogn er tiltalt for omfattande skattesnusk. Påtalemakta hevdar at mannen har unndrege totalt 1,7 millionar kroner i skattar og avgifter.

Men han hevdar at politiet sine summar er for høge, og han vil no leggje alle korta på bordet, seier mannen sin advokat Odd Bovim.

– Han er i dialog med påtalemakta fordi han ønskjer å leggje korta på borda og få avslutta saka, seier advokaten.

Ein million i skatt

Det er ei omfattande sak om økonomisk utruskap påtalemakta no har teke ut tiltale i.

Mannen frå Sogn skal ifølgje politiet mellom anna ha unndrege til saman nær 1 million kroner i skatt i perioden frå 2006 til 2011. Som forretningsdrivande er han og tiltalt for å ha latt vere å betalt moms og arbeidsgjevaravgift for om lag 700.000 kroner.

– Klienten min erkjenner at han ikkje fullt ut har levert den informasjonen han skulle, men samstundes meiner han at tala som blir lagt fram er av eit heilt anna omfang enn den forretningsdrifta han seier han har hatt.

– Har samarbeidd

Påtalemakta ønskjer ikkje å kommentere saka no, men dei har sett av i alt seks dagar til behandling av saka i retten. Men advokat Odd Bovim vonar at det skal late seg gjere å få saka raskare ut av verda.

– Mannen har samarbeidd fullt ut og har i stor grad sagt seg einig i mykje av den dokumentasjonen som er lagt fram. Han har ikkje gjort noko for å skjule dokumentasjon eller å lete vere å møte i avhøyr.