Hopp til innhold

Slåssing og fyll i fjordfylket

Det vart ei travel natt for politiet i fylket, men det dei stort sett måtte hanskast med var fulle folk og nokre slåstkampar.

I Høyanger vart to vakter på ein utestad lekamskrenka av gjester. Då politiet kom til staden var det roleg, men dei vil følgje opp saka.

I Dale hadde to yngre menn slåst, men dei var vekke då politiet kom. Også i Florø var det slåsting. Her viste politiet vekk to personar som hadde småslåsst litt i sentrum.

I Høyanger fann politiet ein rusa mann gåande i ein tunnel. Mannen blei køyrd heim av politiet.

Ein mann i Årdal blir meldt for urinering på offentleg stad. Ein annan mann blei vist vekk frå ein utestad etter å ha fått littt for mykje å drikke.