Hopp til innhold

Fullt hus på Krisesenteret til jul - trur det har blitt lettare å søkje hjelp

Krisesenteret i Sogn og Fjordane har fullt hus denne jula. Leiar Wenche Hovland synest det er trist at så mange må feire høgtida hos dei, samtidig er ho glad for at folk torer å søkje hjelp og støtte.

Video Krisesenter

FULLT: Det er mange barn og vaksne som denne jula feirar jul på Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Dei aller fleste gler seg til jula og opplever høgtida som ei fredfylt tid med familien. Men ikkje alle har det like enkelt.

Wenche Hovland ved Krisesenteret veit godt korleis mange lever i familiesituasjonar prega av vald, både fysisk og psykisk. Denne jula er senteret heilt fullt av vaksne og barn som ikkje vil vere heime.

– Vi blir ganske mange, mellom 15 og 20 stykk med vaksne og barn. Det er fleire enn dei to føregåande åra.

– Men vi har alltid rom for fleire om nokon måtte trenge det, understrekar ho.

Idyllen slår ofte sprekkar etter jul

Sjølv om det altså er fullt på Krisesenteret denne jula, seier Wenche Hovland at jula ikkje nødvendigvis er ei spesielt vanskeleg tid for dei som søkjer hjelp der.

Erfaringar frå tidlegare år viser faktisk at det ofte er i tida etter høgtida at familieidyllen slår sprekkar for alvor.

– Mange vil ikkje øydeleggje jula for ungane. Derfor prøvar dei å halde ut gjennom jula, og heller ta inn på krisesenteret på nyåret, sa Hovland til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

TRIST: Dagleg leiar ved Krisesenteret, Wenche Hovland, seier det er trist at så mange må feire jul hos dei i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Lettare å søkje hjelp

At det likevel er fleire som har søkt hjelp på Krisesenteret denne jula enn dei to føregåande åra forklarar Hovland slik.

– Det ser ikkje ut til at det blir mindre vald, men eg trur samtidig at dette blir mindre tabu å snakke om. Det er på ein måte meir ope og akseptabelt, mot at det tidlegare var meir skam knytt til det, seier Hovland.

– Eg trur det er lettare å søkje hjelp, og det er kanskje difor vi ser at tala går opp.

Ho meiner det er trist at så mange vaksne og barn må feire jul på krisesenteret, men seier dei tilsette på senteret gjer det dei kan for at jula skal bli ei triveleg stund.

– Vi feirar jul på tradisjonelt vis, med juletre, pinnekjøt og pakkar, fortel Hovland.

Samla inn 500 julepakkar

Dei siste vekene har hotella i Florø hatt ein aksjon der dei har samla inn pakkar til dei som skal bu på Krisesenteret i jula. Wenche Hovland er overvelda over responsen, til saman kom det inn over 500 pakkar.

– Det er berre heilt utruleg. Det betyr veldig mykje for ungane. Dei kjem gjerne til senteret og har ikkje fått med seg det dei har heime.

– Dei er i ein spesielt vanskeleg situasjon og det er veldig hyggjeleg å kunne gjere noko ekstra for dei.

Så mange pakkar vart samla inn at Krisesenteret har delt med to asylmottak og Røde Kors.

Ber foreldre droppe alkoholen

Sjølv om alle romma på senteret allereie er fulle, lovar Wenche Hovland at dei skal kunne ta i mot alle dei som måtte trenge hjelp.

Ho håpar foreldre held seg unna alkohol i jula, og seier alkoholen ofte fører til vanskelege situasjonar.

– Eg trur ikkje det er bra for barna at foreldra drikk alkohol i jula. Julaftan bør vere ein kveld der alkoholen ikkje er det sentrale. Det er mange barn som har det vanskeleg fordi dei vaksne drikk for mykje, seier ho.