Hopp til innhold

Naudrakett førte til søk i fjorden

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Like over midnatt natt til vesle julaftan vart det i gang eit søk i Vilnesfjorden i Askvoll.

Politiet fekk ved 00.14-tida fleire meldingar om at folk hadde sett ein naudraukett i sjøen ved Møkalasset i Vilnesfjorden.

Hovudredningssentralen vart kontakta og ein starta opp eit søk i fjorden. Ei SeaKing redningshelikopter og ein ambulansebåt leitte etter det som kunne vere båtfolk som hadde fått problem.

Det vart ikkje gjort funn i området, og det er heller ikkje nokon som er meld sakna i området. Søket vart dermed avblåst.