Hopp til innhold

Difor parkerer ho bilen heime i dag

Bittelille julaftan blir rekna som den store bulke- og kollisjonsdagen. Signe Savland i Førde er så redd for bilen sin at ho like godt parkerer den heime.

Signe Savland vil parkere heime på den store bulkedagen

PARKERER HEIME: Signe Savland vil parkere heime og heller gå til sentrum på den store bulkedagen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Då NRK møter ho laurdag ettermiddag har ho hendene fulle med nokre små siste innkjøp før jula. Utanfor Plantasjen i Førde har ho parkert den relativt nye bilen sin, blank og fin, og heilt utan bulkar.

Og Savland er ikkje den som tek lett på at folk akkurat i dag kjem til å kollidere meir enn vanleg.

– Seinare skal eg parkere heime, og så skal eg gå til sentrum, seier ho.

– Ja, du tek dette så alvorleg?

– Ja, eg er redd for bilen min, vedgår ho.

Kolliderer 150 gonger i timen

Og det er gjerne med god grunn at Savland er litt ekstra forsiktig med kor ho skal parkere og køyre akkurat i dag den 22. desember. Ifølgje forsikringsselskapet Tryg Forsikring har 22. desember blitt den dagen der folk bulkar og kolliderer bilane sine desidert mest.

Berre i fjor kolliderte norske bileigarar 150 gonger i timen mellom klokka 06.00 og midnatt. Det er nesten dobbelt så mykje som vanleg, som er rundt 80 gonger i timen.

Fryktar ny kollisjonsrekord

Forsikringsselskapet fryktar at ein i dag vil få ein ny kollisjonsrekord. På denne dagen i fjor kolliderte nordmenn til saman 1791 gonger, men i år trur dei at vi kjem til å bikke over 2000 kollisjonar.

Pressetalsmann Roald Stigum Olsen i Tryg Forsikring seier det skjer både alvorlege og mindre alvorlege kollisjonar når folk stressar.

– Den dystre spådommen om ein ny kollisjonsrekord i morgon baserer seg på det faktum at alle har fri på laurdag. Det betyr at mange fleire vil køyre til og frå kjøpesentra, ut og inn av parkeringshus.

– Det betyr fleire julestressa nordmenn i bil enn nokon sinne. Men det er når ein er på veg til heimstaden, eller der ein skal feire jul, at dei mest dramatiske skadane kan skje, seier Stigum Olsen.

– Folk skal berre snike seg inn

Utan dei store butikkane på Brulandsvellene i Førde er også Tormod Bårøy i gang med siste innspurt. Han er fullt klar over at det er den store bulkedagen, men har ikkje tenkt å la vere bruken bilen av den grunn.

– Folk er vel stressa på grunn av julehandelen. Mange er ute og skal handle, og det meir bilar enn det brukar å vere.

– Ofte finn folk ein parkeringsplass som er litt liten, men så skal ein berre snike seg inn og då kjem det fort ein liten bulk, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tormod Bårøy

SNIKE: Tormod Bårøy trur mange prøver snike seg inn på tronge parkeringsplassar, og så går det gale.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Då blir mannen sur

For Signe Savland sin del er det heilt uaktuelt å ta med seg bilen til sentrum på ein slik dag. Når no skal dit seinare laurdag blir det med bilen ståande heime på tunet.

– Men om du får ein liten bulk, gjer det noko då?

– Hehe, då blir mannen sur, og eg blir litt sur, ler ho.

Ho trur folk rett og slett opplever at det brenner litt under beina denne dagen.

– Jula kjem like overraskande kvart år, seier ho.

– Køyr forsiktig

Roald Stigum Olsen i Tryg Forsikring har ei innstendig bøn til dei som skal ut med bil i dag.

– Kvart år blir julehysteriet og stresset verre. Jo meir stress, dess meir sløva blir folk bak rattet. Det blir faktisk som å køyre med promille.

– Vår innstendige oppmoding til folk er å ta det med ro, køyr forsiktig, og ver merksam på at du må vere ekstra skjerpa bak rattet den 22. desember, seier Stigum Olsen.