Hopp til innhold

Folketalet aukar

Det bur no 108 624 personar i Sogn og Fjordane. Det betyr at vi har blitt 423 fleire i løpet av 2012.

Kart Sogn og Fjordane
Foto: Kart: Statens kartverk

Sjølv om folketalet no aukar er det likevel langt igjen om fylket skal nå målsettinga om 112 000 innbyggarar i 2016, vedgår fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Åshild Kjelsnes

Fylkesordførar, Åshild Kjelsnes

Foto: NRK

– Eg er jo sjøvsagt ikkje nøgd, fordi dette betyr jo at vi isolert sett på eit år, ligg godt og vel halvveges under det som er målsettinga for å kunne nå målet i 2016. Kjelsnes understrekar samstundes at ho trass alt er glad for at fylket no har ein folketalsauke, sjølv om den ikkje er stor.

– Eg meiner at det er viktig at vi har noko å strekke oss etter, og som ikkje er heilt umogleg å nå.

Men dersom Sogn og Fjordane skal nå målet om 112 000 innan 2016, så betyr det at folketalet dei neste tre åra må auke tre gonger så mykje som det har gjort i år?

- Ja, og det er ambisiøst. Men som eg seier, eg meiner likevel at vi må ha ambisiøse mål for fylket vårt. Som eg har sagt litt på spøk og litt på alvor at 2013, som jo er eit jubileumsår, det skal vi bruke til ei einaste lang rekrutteringsmesse for Sogn og Fjordane.

– Og eg kjem til å tjuvstarte med å vere på karrieremessa i Florø no i romjula.