Hopp til innhold

Foreldre fekk kontroll på juleballet

På førehand frykta Politiet at det store juleballet for dei vidaregåande skulane i Førde skulle ta heilt av. Det klarte dei å unngå.

- Politiet ba på førehand om at det skulle vere mange foreldre i gatene i Førde denne natta fordi det kunne ha ein dempande effekt. Det ser ut som om det fungerte bra, opplyser vakta ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Då politiet avslutta arbeidet for natta var fasiten fire ungdomar som var tekne hand om for fyll og ein person som er politmeld for ordensuroing.

Om lag 750 elevar frå vidaregåande var venta til juleballet på Førde Hotell. Etter som fleire andre vidaregåande skular i i fylket, deriblant Sogndal, har valt å ikkje ha juleball i år, var det frykta at mange tilreisande ungdomar ville gjere ballet endå meir prega av fyll enn det vanlegvis har vore.

- Ikkje ver naiv

- Torsdag er ikkje kvelden for å vere naive foreldre. Ver til stades, dra til sentrum og gå i gatene. Det at edru vaksne er til stades har ein svært dempande effekt, sa lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde til avisa Firda i går, og det ser ut til å ha hatt ein viss effekt.

Fire tekne hand om

Politiet oppsummerer sjølve kvelden slik i sin logg:

«Politiet i Førde melder at julebordarrangement i Førde for vidaregåande skular gjekk roleg føre seg. Det var mange foreldre som hadde møtt opp og dermed mykje vaksne folk i gatene. Dette satte politiet stor pris på. Politiet tok hand om til saman fire rusa personar. Ein vert politimeldt for ordensuroing».

- Kor mykje er fire personar som må takast hand om på ein kveld som dette?

- Målt opp mot tidlegare erfaringar er det ikkje mykje i det heile, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.