Hopp til innhold

Ekstra dyr hasj for arbeidsledig sunnfjording

Då politiet kom på besøk, vart hasjbruken nær 8.000 kroner dyrare enn planlagt for den arbeidsledige sunnfjordingen i 20-åra.

No må mannen punge ut 7.000 kroner i bot, samt sjå staten ta hand om 750 kroner som han tente på å vidareselde fem gram hasj til ein kamerat.

Kjøp, bruk og sal

Det var i oktober i år at mannen, ifølgje eiga forklaring, kjøpte 50 gram hasj til eige bruk. Dagen etter selde han hasj til ein ikkje namngjeven kamerat.

Heime på bustaden hans fann politiet 27 gram hasj og fem rivotriltablettar. Tablettane inneheld det narkotiske verkestoffet klonazepam. Eit stoff som er mest nytta til behandling av epilepsi, men som også forsterkar effekten av opioider og alkohol, samt dempar respirasjonen.

Mannen brukte narkotika begge desse dagane.

Samfunnsproblem

Mannen tilstod og samtykka til at saka kom opp i Fjordane tingrett som tilståingsdom.

Retten viste til at narkotika representerer eit stort samfunnsproblem og meinte allmennpreventive omsyn tilsa ein sterk reaksjon.

Den unge sunnfjordingen forklara at salet til ein kamerat var eit tilfeldig eingongstilfelle. Både påtalemakta og retten fann meinte at det straffbare forholdet bar preg av å vere brukarmotivert framfor profittmotiv.

Fengsel på vilkår

Retten la i straffeskjerpande retning vekt på at sunnfjordingen er tidlegare dømd for narkotikalovbrot. I januar i år vart mannen dømd til samfunnsstraff for kjøp av 100 gram hasj.

I formildande retning la retten vekt på at mannen tilstod og at dette var av prosessøkonomisk vinst.

I tillegg til bot og inndraging av utbyte for hasjsalet, vart mannen dømd til fengsel i 36 dagar. Dette slepp sunnfjordingen å sone om han held seg på rett side av lova dei neste to åra.