Hopp til innhold

Vil ta lappen frå eldre sjåførar

Det må bli enklare å ta førarkortet frå eldre og fyllekøyrarar, meiner Trafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane.

Legeattest førerkort

MÅ FORNYE OFTARE: Frå januar må dei over 75 år få ein ny legeattest kvart år, annakvart år eller kvart tredje år for å kunna køyra bil.

Foto: Kjell Olav Nordberg / NRK

Liv Stave

VIL TILBY SKYSS: Liv Stave meiner at tilbodet om offentleg serviceskyss vil vere bra for mange.

Foto: NRK

Leiar Liv Stave let seg inspirere av nabofylket, for å gjere det tryggare på vegen.

– Vi veit at trafikkbilete har endra seg. Vi veit også at førarkortet heng høgt for dei fleste, seier ho.

Tøfte trafikkbilete

I Møre og Romsdal har politi, Statens vegvesen og fylkeslegen sett nærare på kven som skal ha rett til førarkort. Stave meiner det bør bli lettare å ta førarkortet frå dei som lenger ikkje er skikka til å køyra bil, og no vil ho ha eit slikt prosjekt også her i fylket.

– Det kan vere på grunn av alder, rus eller psykiske problem. Det prosjektet som har vore i nabofylket, har vore så vellukka at vi også ønskjer å prøve ut dette i Sogn og Fjordane. Det er mange som ikkje lenger har den erfaringa som trengst for å køyre i eit tøft trafikkbilete.

Frå januar må dei over 75 år få ein ny legeattest kvart år, annakvart år eller kvart tredje år for å kunna køyra bil.

Viktig å ikkje bli isolerte

Dagunn Klakegg

– MÅ FÅ KOMME SEG UT: Dagunn Klakegg seier det er viktig at eldre ikkje blir isolerte.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Dagunn Klakegg, leiar i seniorgruppa i Førde og eldrerådet i Førde, er einig i at det er rett å ta førarkortet frå dei som ikkje er skikka til å køyra, men seier bilen er veldig viktig for at eldre ikkje skal bli isolerte.

– Det er viktig av mange praktiske grunnar. Skal du ut å handle, skal du ha med deg tunge ting heim igjen. Du skal gjerne også vere med på aktivitetar der du er avhengig av å køyre bil til og frå, seier ho.

Pengar til serviceskyss

Men dette har Stave ei løysing på, for fylket har midlar som kan brukast til å få til såkalla serviceskyss.

– Dette kan vere eit supplement til dei som kan bu heime og som treng å bli køyrde rundt.

Stave meiner også at det skal bli vanskelegare for dei som har køyrt i rusa tilstand å få tilbake førarkortet.