Hopp til innhold

Fortvilar over flyktning-nei

Norske kommunar seier nei til flyktningar med opphaldsløyve. På landsplan ventar 4.000 i uvisse på å flytte ut i kommunane.

Jaffer Kherialla og Grethe Apelseth

FORTVILAR: Grethe Apelseth (t.h.) fortvilar på vegne av Jaffer Kheiralla frå Sudan. Han er ein av 231 flyktningar i fylket som har opphaldsløyve men framleis ventar på å flytte frå mottaket.

Foto: Bård Siem / NRK

Berre ved Jølster asylmottak ventar 40 personar med opphaldsløyve på å få ein kommune å flytte til.

– Dette er veldig trasig for dei det gjeld. Over 50 prosent av dei som bur på mottaket har fått innvilga opphaldsløyve. Dei ventar berre på å få komme ut i kommunen, starte introduksjonsprogrammet og å komme i gang med livet sitt, seier ein fortvila mottaksleiar, Grete Apalseth.

– Veldig vanskeleg

Mange norske kommunar vegrar seg for å ta imot flyktningar som 36 år gamle Jaffer Kheiralla frå Sudan. Han fekk opphaldsløyve i februar, og har sidan venta på å flytte for seg sjølv ein stad i Kommune-Noreg.

Kheiralla fortel om lange dagar på mottaket. Uvissa gjer han deprimert.

– Det er ikkje bra. Eg har venta lenge her, og blir sitjande veldig mykje å berre tenke. Det er veldig vanskeleg, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bustadmangel blant asylsøkjarar

SJÅ TV-SAK: I løpet av dei neste to åra vil talet flyktningar som treng bustad i Norge auke til 16000.

Todelt problem

– Det som slit mest av alt på dei, er å ikkje få komme i gang med alt dei ynskjer å lære, dei ynskjer arbeid, få praksis og ein plass i bu. Og samstundes det med familiesameining, seier Apelseth.

Mottaksleiaren på Jølster seier problemet er todelt og meiner regjeringa kan gjere grep som betrar situasjonen. Det er ikkje berre eit problem for flyktningane, men også for mottaka at færre flyktningar enn ynskt blir busette kring om.

– Vi har folk sitjande som tek opp plass i mottaka, som skulle vore ute i kommunen. Her kjem nye asylsøkjarar til landet og det er trongt i mottaka no, seier ho og trur heile problemstillinga botnar i bustadmangel, seier ho og legg til:

Bustadmangel

– Det er kanskje ikkje viljen det står på, men mangel på hus. Ein må byggje fleire hus og eg tenkjer at den økonomiske støtta til å gjere det må aukast.

– Kan det vere framandfrykt og rasisme ute i Kommune-Noreg som er årsaka til at så mange ikkje vil ta imot flyktningar?

– Det kan det også vere. Det er ein god del kommunar i Norge som ikkje tek imot flyktningar i det heile. Det tykkjer eg er veldig dumt. Eg meiner vi må vere med å dra lasset saman. Vi som har så mykje, må hjelpe dei som treng, seier Apelseth.

– Klarer ikkje fleire

Ordførar Olve Grotle i Førde

ORDFØRAR: Olve Grotle (H).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I nabokommunen Førde har dei teke i mot 20 flyktningar i år, og politikarane har nyleg vedteke at dei skal ta imot like mange neste år. Utlendingsstyresmaktene skulle gjerne sett at Førde tok imot fleire.

Det har kommunen måtte seie nei til. Og det er ikkje på grunn av framandfrykt eller rasisme.

– For Førde sin del er situasjonen rett og slett at vi ikkje klarer å busetje fleire. Vi har ikkje nok bustader. Den kapasiteten er sprengd og vi har per dags dato kring 17 som står på venteliste, seier ordførar Olve Grotle (H).

Har venta over tre år

Statistikken frå Utlendingsdirektoratet viser at nær 900 flyktningar har venta meir enn eit halvt år på å få bustad. Kring 300 har venta over eitt år, medan 12 har venta over tre år på fast busetjing.

Apelseth fortel at dei tilsette ved asylmottaket i Jølster gjer så godt dei kan for dei som ventar på å få flytte ut i kommunane.

– Når det gjeld dei som har positivt vedtak, så oppmodar og motiverer vi veldig til å lære seg språket. Vi meiner det er nøkkelen til ei god integrering, seier ho.