Hopp til innhold

231 flyktningar i kø for å få bustad i Sogn og Fjordane

Heile 231 flyktingar står no i kø for å få bustad her i fylket, og kommunane er ikkje i nærleiken av å greie å huse alle dei blir bedne om. Staten må stille med pengar, krev Helge Eide i KS.

flyktning syria

MÅ VENTE: På asylmottaket står tida stille. Den syriske kvinna og borna hennar har venta lenge på bustad.

Foto: arkiv / NRK

– Vi kan seie at nasjonen Norge ikkje gjer ein god nok jobb når vi ser at talet på personar som ventar på å kome ut i kommunane og starte integrering aukar. Det er om lag 3500 som sit i mottak og ventar på å kome i gang med integrering, seier Eide til NRK.

– Har gjort det dei kan

Berre i Sogn og Fjordane står 231 flyktningar i kø for å få seg bustad. Dei åtte kommunane som har sagt seg viljuge til å huse flyktningar, har berre funne bustad til 69. Helge Eide i KS meiner på si side at kommunane har gjort det dei kan, innanfor sine budsjett.

Helge Eide, KS

KS-DIREKTØR: Helge Eide vil ha meir tilskot til kommunane.

Foto: KS

– Situasjonen her er som den er i resten av landet. Den er at kommuane gjer ein veldig god jobb i høve busetnad av flyktningar. Men behovet for busetnadsplassar frå flyktningar som har fått opphaldsløyve er enda mykje større enn kva kommunane greier å ta unna, seier Eide.

Ventar på bustad

På asylmottaket på Vassenden sit fleire som ventar på å bli busett i kommunane, ei av dei ei kvinne frå Syria.

– Eg ønskjer berre å fylle tida mi med noko positivt, men det er ikkje lett, seier kvinna til NRK.

Flyktningar i Sogn og Fjordane

Kommune:

Anmodning:

Vedtak:

Busett per 1.10.12

Flora

35

25

17

Høyanger

10

0

1

Vik

10

0

0

Balestrand

15

0

0

Leikanger

15

0

2

Sogndal

20

20

10

Lærdal

10

0

0

Årdal

15

0

0

Luster

15

5

0

Jølster

15

5

4

Førde

30

20

13

Bremanger

20

0

0

Eid

30

8

1

Gloppen

30

10

12

Stryn

30

15

9

Sogn og Fj.

300

108

69

Ekspander/minimer faktaboks

Den syriske kvinna er ei av dei mange som har venta lenge. Men asylmottaket blir framleis bustaden hennar.

– Uroar meg litt

I nabokommunen Førde har ordførar Olve Grotle vanskar med å ta i mot fleire.

– Det uroar meg litt at vi alt i dag ikkje klarer å busetje meir enn tjue. Då trur eg vi skal vere litt realistiske i alle fall på litt kort sikt å busetje særleg fleire, seier Grotle.

Helge Eide i KS meiner at regjeringa må auke tilgangen på tilskot som kommunane kan nytte seg av.

– Det er eit verkemiddel som staten har moglegheit til å gjere noko med, og det er det såkalla bustadtilskotet som Husbanken disponerer. Der kan ein få inntil 20 prosent av investeringssummen til slike bustader, seier Eide.

Bustadmangel blant asylsøkjarar

Mange ventar på bustad på asylmottaket på Vassenden.

Møter regjeringa

Han meinar at det kan aukast for å gje ein sterkare stimulans og ein auka reell moglegheit for kommunen å skaffe dei bustadane som er naudsynte for å sikre varig busetnad. Dette kravet fremjar KS når dei møter regjeringa i neste veke.

– Dette er eit verkemiddel som statlege instansar og meinar er rett å bruke, sler KS-direktøren fast.