Hopp til innhold

Dømd til forvaring for trugsmål

Mannen som var tiltalt for trugsmål mot mellom andre statsministeren er dømd til forvaring i fem år, med ei minstetid på to år og tre månader.

Jens Stoltenberg

DRAPSTRUGA: Statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

48-åringen, som er steson til stortingsrepresentant Martin Kolberg, vart i Oslo tingrett funnen skuldig i å ha sendt drapstrugsmål som omfatta både Kolberg og statsminister Jens Stoltenberg.

Mannen bur no på Austlandet, men har tidlegare budd i Sogn og Fjordane. Han er og funnen skuldig i vald og valdtekt mot ei kvinne. Dette skjedde i 2008 medan han budde i Sogn og Fjordane.

Mannen erkjende å ha sendt stefar sin og mor si ei rekkje epostar og SMS-ar med trugande innhald. I retten nekta han for at dei i juridisk forstand var å rekne som truslar.

– Orka ikkje meir

Mannen nekta også for at han hadde planar om å omsetje truslane i handling. Kolberg forklara derimot at han ikkje er i tvil om at truslane var reelle.

Oslo tingrett fekk også høyre stortingspolitikaren fortelje om tusenvis av truslar gjennom fleire tiår.

– Etter 38 år vart truslane så konkrete at eg ikkje orka lenger. Då gjekk eg til Politiets sikkerheitsteneste og ba om hjelp, sa Kolberg i retten i følgje NTB.

Anka dommen

I tillegg til forvaringsstraffa må mannen betale 175 000 kroner i oppreising til valdtektsofferet og 60 000 kroner til sonen hennar.

Den dømde 48-åringen ankar dommen på alle punkt, både på skuldspørsmålet og på straffeutmålinga.