Hopp til innhold

Vegopning midt inne i tunnelen

Samferdselsminister Marit Arnstad stod for den offisielle opninga av den nye strekninga på E39 mellom Lavik og Vadheim klokka 14.20 i dag.

Opninga skjedde midt inne i Noreviktunnelen. Arnstad hogg av snora med ei øks laga av ein lokal smed. Men ho måtte ha tre hogg før snora gjekk av. Rett etterpå ljoma "Ja vi elskar" inne i tunnelen.

Den 5,3 kilometer lange strekninga med ny veg mellom Torvund og Teigen omfattar mellom anna den 2560 meter lange Noreviktunnelen.

Frå i dag blir vegen mellom Lavik og Vadheim om lag ein kilometer kortare, og trafikantane slepp køyre den smale og svingete vegen over Torvundhovden.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Samferdsleminister Marit Arnstad brukte øks då ho opna den nye vegen mellom Torvund og Teigen på E39 i Høyanger.

– Kjekt å vere med på

Statsråd Marit Arnstad sa til NRK etter opninga at den nye vegbiten er viktig for dei som dagleg trafikkerer E39 lokalt og for folk i Sogn og Fjordane elles.

– Det er alltid kjekt å få vere med på å opne ein ny veg og sjå kor glade folk blir over at det blir utbetringar på vegstrekningane deira.

Det er mykje snakk om ferjefri E39. Men samferdselsministeren meiner det er vel så viktig å få god veg mellom ferjestrekningane.

– Det er stort behov for utbetring, og det må vi prioritere i tida framover.

– Svært kry av vegen

Prosjektleiar Sverre Måge

– STOR DAG: Prosjektleiar Sverre Måge.

Foto: Ole Kristian Åset / Statens vegvesen

For prosjektleiar Sverre Måge i Statens vegvesen er det ein stor dag.

– Eg er svært kry av vegen, for eg meiner det har blitt eit veldig flott anlegg. Vi har jobba med dette i tre år, og no ser vi enden på det. No kan vi sleppe trafikken inn på ein ny og trygg veg.

Den offisielle vegopninga skjer altså klokka 14.15, men trafikantane må vente i ein god time etter det før dei kan ta vegen i bruk.

– I og med at opninga er inne i tunnelen må vi rydde og stelle. Det er tryggleiksomsyn som gjer at vi må få ut alt som har med opninga å gjere før vi set trafikken på, og då blir klokka kanskje halv firefire.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bli med på køyretur i Norevik-tunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik.

BLI MED PÅ TUR: Fotograf Heidi Lise Bakke køyrde gjennom tunnelen fredag. Sjå korleis den har blitt

– Eksemplariske trafikantar

I den tida anleggsarbeidet har pågått har trafikantane på E39 funne seg i mykje venting. Prosjektleiar Måge seier folk har takla det godt.

– Trafikantane har vore eksemplariske. Det har vore mykje venting, men vi har unngått dei store problema ved at vi har vore tidleg ute med informasjon, og vi har informert mykje undervegs, mellom anna med SMS-varsling.

For Høyanger-ordførar Petter Sortland pynta med ordførarkjede var det og ein stor dag.

– Fantastisk flott. Det er ein draumedag for ein kvar ordførar å få vere med på gjennomføre noko slikt i eigen kommune. Med Bogstunnelen i 2004 og denne nye strekninga er køyretida mellom Høyanger og Lavik korta ned med ti minutt. Berre det er ein merkedag for kommunen og innbyggjarane.

– Kva med tryggleiken?

– Fantastisk oppgradering. Torvundhovden var ein utfordrande veg når det gjeld trafikksikring. Der gjekk ungane langs vegen, det var dårleg med busslommer, det var dårleg med møteplassar.

Heile veganlegget har kosta 371 millionar kroner. I tillegg til sjølve E39-strekninga er det og bygt 910 meter tilførselsveg og 250 meter gangveg. Anlegget omfattar og fire mindre bruer.

Det er Veidekke Entreprenør AS som har hatt hovudentreprisen, medan OneCo Veidrift AS har hatt ansvaret for elektroarbeidet. I tillegg har ein del lokale entreprenørar hatt oppdrag på veganlegget.

Etter mange år med trafikktrøbbel på ein smal og kronglete vegstubb, vart den nye vegen mellom Torvund og Teigen på E39 i Høyanger endeleg opna i dag. (FOTO: Alf Vidar Snæland).

FOLKEFEST: Folk hadde møtt opp i hopetal for å få med seg den offisielle opninga av den vel 5,3 kilometer lange vegen. FOTO: Alf Vidar Snæland.