Hopp til innhold

Jacob (7) berga livet til systera

Sju år gamle Jacob frå Haugen i Eid er dagens helt etter at han snarrådig ringde 113 då systera hans vart blå i ansiktet og strevde med å puste.

7-åring redda veslesøstra
Foto: Steinar Lote

Han tok telefonen og ringde etter ambulanse, og det var avgjerande for at den tre månader gamle babyen i dag er i live.

I dag er familien trygt samla, men for berre nokre dagar sidan opplevde dei sitt livs drama, Elsa, den tre månader gamle babyen, slutta å puste, og trengde øyeblikkelig hjelp.

Jakob tok affære

Då var det sju år gamle Jacob tok affære. For mora, britiske Candice Bredesen, kan dårleg norsk, og i kaoset som følgde ringde ho det britiske naudnummeret 999, ho kom ikkje på det norske 113.

Men det visste Jacob, han slo nummeret og tok over praten. Klårt og tydeleg forklarte han kva som var problemet.

Fekk panikk

Candice er sjeleglad for at sonen hugsa naudnummeret.

- Då det heile skjedde fekk eg panikk eg prøvde å ringe ambulanse, men slo feil nummer, eg var i sjokk, seier ho. Så Jacob tok over og ringde ambulansetenesta, han oversette frå norsk akkurat kva eg skulle gjere, sjølv då helikopteret kom var han roleg. Det var ei vond oppleving, men eg er svært kry av sonen min, seier Candice i dag.

Var ikkje skummelt

Og Jacob veit sjølv at han har gjort ein god jobb, han heldt hovudet kaldt i ein situasjon der det kunne ha rakna for mange.

Jacob snakka med ambulansetensta heile tida, men skummelt tykte han ikkje at det var.

Han seier det var enkelt å hugse kva nummer han skulle ringe, for det hadde han lært i barnehagen.

Sjå intervju med Jacob.