Leiar Geir Broen i Bodø Fengsel seier til Avisa Nordland at til ei kvar tid er fleire innsette så sjuke at dei skulle ha vore på sjukehus.
Broen peika allereie i 2005 på ressursmangel i Bodø Fengsel, utan at det hjalp på helsetenesta. Han har fleire innsette med tunge psykiskelidingar som får avslag på hjelp frå psykolog.
Helsesituasjonen er dårlegare
-Me merkar at den generelle helsesituasjonen både somatisk og psykisk har vorte dårlegare. Det tek på å sitje i fengsel med angst og depresjon. Og for vår helseavdeling betyr det meirarbeid, seier Broen til Avisa Nordland.