Hopp til innhold

Reknar ikkje med å finne dei i live

Politiet har avslutta søket etter dei tre som er sakna i Etnefjorden. Dei har ikkje lenger håp om å finne dei i live.

Søkt med hund

Tre hundar har vore med i søket etter dei sakna. 50 menn frå Røde Kors, ti båtar, sonar og undervannskamera har og vore ute sidan fredag.

Foto: Tor André Johannessen

– Etter søket i dag har vi avslutta redningsarbeidet. Dei er antatt omkomne, fortel lensmann i Etne og Vindafjord, Ingvar Gjærde.

Det utvida søket vart avslutta like før klokka 17.00 søndag, utan resultat.

Fire menn la ut i båt på Etnefjorden natt til fredag, mellom klokka tre og fire. Båten vart funnen kantra og motoren låg på botnen.Ein mann låg i vatnet ved båten, men dei tre andre er framleis sakna.

Dei fire mennene i tjueåra var ein del av eit reisefølge på ni polakkar på hytteferie. Det var kameratane som melde dei sakna.

Misforstod tidspunktet

Opprinneleg trudde politiet at dei fire forsvann på fredag ettermiddag. Laurdag morgon kom det fram i avhøyr at mennene forsvann tolv timar tidlegare - mellom klokka tre og fire på natta.

– Dei snakka ikkje like godt engelsk alle saman, så truleg har det vore ein kommunikasjonssvikt. Det endra heile biletet, for plutseleg hadde vi eit mykje større område å leite i, fortel lensmannen.

Utvidar søket etter tre sakna

Redningsaksjon i Etnefjorden

Søket vart utvida då politiet oppdaga at det hadde gått 12 timar lengre enn først antatt, frå mennene forsvann. FOTO: Tor André Johannessen.

Foto: Svein Morten Hagen

Ein av dei fem kameratane på land vart tatt med til avhøyr, mens politiet hadde samtalar med dei andre fire.

– I ein så stor ulukke er det vanleg å gjere avhøyr av denne typen. Det er klart det ikkje er kjekt for dei, dei er prega av ulukka. No får dei hjelp frå kommunen si helseteneste, så reiser dei heim til Polen ganske snart, seier Gjærde.

Ingen nye spor

– Vi går ut ifrå at alle fire var ombord då dei la ut på vatnet om natta. Ingen har sett dei, men vi går ut ifrå at alle var med, seier Gjærde.

Nokre spor etter mennene vart funnen. Eit par jakker og nokre capser låg i vatnet. I tillegg låg der nokre årer og fiskeutstyr, som politiet ikkje har greidd å stadfeste at tilhøyrde dei fire polakkane.

Leitar ikkje lenger

No når søket er avslutta, vil ikkje politiet leite lenger.

– Sånn som vi ser det, har vi leita der det er rimeleg og mogleg, ut frå dei funna vi har gjort. Der er ingenting konkret å forhalde seg til lenger. Skulle vi fortsatt måtte vi utvida søkeområdet til å gjelde heilt andre havområder, seier Gjærde.

– Dersom nye spor skulle dukke opp eller vitner fortel noko, vil vi vurdere det fortløpande.

Håpar på fleire svar

Mannen som vart funnen omkomen, vil vi obdusert måndag. Politiet håpar det kan gi svar på nokre av spørsmåla om kva som hende. Dei har enno ikkje hatt kontakt med pårørande i Polen.

– Kontakt går via ambassaden, dei tar oppfølginga og vi må gå gjennom dei. Det blir gjort fortløpande, seier Gjærde.

– Vi har erfaring med at fjordane våre er lumske og vanskeleg å leite i, men vi hadde håpa at vi skulle finne fleire av dei. Med så stort søk hadde vi håpa det, seier lensmannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.