Hopp til innhold

800.000 kroner i Giardia-erstatning

Ingebjørg Høyland vann over Bergen kommune i tingretten.

Svartediket i Bergen

I 2004 blei fleire tusen sjuke etter å ha drikke vatn frå den kommunale vasskjelda Svartediket.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Høyland fekk i dag medhald i Bergen tingrett og er blitt tilkjent 800.000 kroner i erstatning, melder TV2 .

Fleire tusen menneske blei sjuke etter at dei drakk vatn frå kommunen si vasskjelde Svartediket hausten 2004. Høyland var blant dei som fekk giardiasmitte og blei alvoleg sjuk.

Ingebjørg Høyland si sak mot Bergen kommune er den første erstaningssaka etter Giardiasmitten i 2004.

LES OGSÅ:

Får medhald i årsakssamanheng

Advokat Eva Drageset representerer Ingebjørg Høyland.

– Dette er ei viktig avgjersle for henne, som har kjempa i fleire år for å få erstatning, seier Drageset, til NRK.

– Hovudproblemstillinga i denne saka har vore om giardiasmitten var årsaka til ME som ho utvikla i ettertid, og det har me fått medhald i, forklarer Drageset.

Retten har kome til at det føreligg ein årsakssamanheng mellom giardia og utmattingssyndromet ME.

– Dei har vist til at sannsynlegheita for at ein person utviklar ME etter giardia er fire gongar så stor som elles i befolkninga, seier advokaten.

– Vanskeleg å ikkje bli trudd

Ho meiner dette vil vera ei viktig avgjersle for andre som har utvikla ME som følgje av Giardiasmitte.

For Ingebjørg Høyland har tida fram til kjenninga frå retten kom vore vanskeleg.

– Det har vore vanskeleg, ho har vore veldig sjuk. Ho har kjempa mot Bergen kommune og opplevd å ikkje bli trudd. Ho reagerte i dag med letting og seier til meg at det var herleg å bli trudd av retten, forklarer Eva Drageset.