Hopp til innhold

Mange tusen i fakkeltog i Bergen

Tusenvis av bergensarar og hordlendingar deltok i fakkeltog i Bergen sentrum.

Mange tusen var samla på Torgallmenningen like før klokka 18 i kveld. Klokka 18 var det appellar på Torgallmenningen, og like før kl. 19 gjekk toget frå Den blå steinen og mot Smålungeren.

– Me veit ikkje kor mange det er, men det må vera mange tusen. Det er også lange køar inn til sentrum, seier operasjonsleiar Jarle Rønnestad i Hordaland politidistrikt.

Politiet deltok også i fakkeltoget og fleire butikkar lot tilsette gå tidleg frå jobb i dag, slik at dei kunne delta i toget .

(Artikkelen held fram etter biletet)

Fremst i fakkeltoget i Bergen

Fremst i toget gjekk mellom anna Helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen (Ap), Mette Valle i Hordaland AUF som overlevde skytinga på Utøya, og leiinga i Arbeidarpartiet i Hordaland og Bergen.

Foto: Hanne Marie Molde / NRK

Politi og brannvesen rydda veg

Planen var at toget skulle gå i 30 minutt, men politi og brannvesen rydda vegar etter kvart, slik at ruta blei lenger. Då starten på toget var tilbake på Torgallmenningen etter 45 minutt, hadde ikkje dei heilt bak starta å gå ennå.

NRK sine reportarar på staden fortel om enorme folkemengder, men det er vansleg å anslå kor mange det kan vera.

Fleire andre stadar i Hordaland blir det også arrangert fakkeltog klokka 18 .

I dag har det også vore markering på Folkets Hus i Bergen . Både helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen og fleire i Arbeidarpartiet i Bergen og Hordaland talte under markeringa.

– Fakkeltoget i Bergen gjekk fint føre seg. Me har ikkje full oversikt over kor mange som deltok, men har fått høyra eit anslag på 15-20.000. Det var i alle fall grådig mange, seier operasjonsleiar Rønnestad i kveld.

– Stort behov for å vera saman

– Det er nesten aldri slik at du ser så mykje menneske i Bergen med mindre det er ein heilt spesiell høgtidsdag. Det seier noko om den situasjonen samfunnet og landet vårt er i no. Me har eit veldig stort behov for å vera saman og markera ting, seier initiativtakar og SU-leiar Simen Willgohs til NRK.

– Kvifor er det viktig å samlast på denne måten?

– Det handlar om sorg og medkjensle og støtte til dei som er midt oppi det. Det er også viktig at denne markeringa er for noko. Den er for medkjensla og styrken som er i samfunnet vårt, og ikkje mot ein enkeltperson som har gjort noko heilt grusomt, seier Willgohs.

Ekstra buss og bybane

På grunn av dei store folkemengdene som var venta til Bergen bestemte Skyss i dag på setta opp ekstra transport til og frå setrum.

Selskapet har auka busskapasiteten mellom Bergen og Nordhordland, Os og Straume, og Bybanen går med rushtidavgangar også utover kvelden.