Hopp til innhold

Søkjarboom til forfattarstudium

127 søkjarar kjempar om 12 studieplassar på Skrivekunstakademiet.

Aina Villanger

- BERGEN ER ATTRAKTIV: Skrivekunststudenten Aina Villanger trur Bergen som studieby, gjer at forfattarspirer søkjer seg til byen.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Det er ei auke på 50 prosent frå i fjor til i år.

- Eg syns det er kjempekjekt. Eg er veldig glad for det, seier Olaug Nilssen som er rektor ved Skrivekunstakademiet i Bergen.

- For vår rett som skule og høgskule er det kjempeviktig at folk er interessert i å gå her.

Ein større trend?

- Kva er grunnen til auken i søkjartalet, trur du?

- Vi håpar det har å gjere med at vi har vore litt offensive og meir synlege enn før. Men i og med at vi veit at andre kunstutdanningar også har eit oppsving, tenkjer vi vel at vi også er ein del av ein større trend, seier Nilssen.

LES OGSÅ: Ny skrivekunst-sjef

Men den trenden har i tilfelle ikkje nådd frem til dei andre forfattarutdanningane i Norge. Ved Høgskolen i Telemark i Bø har dei nøyaktig like mange søkjarar som i fjor, 60 til femten studieplassar.

- Tolv i klassen er meir enn nok

Akademiet i bergen jobbar for tida med å utvide tilbodet, slik at studentane kan studera skrivekunst i meir enn eitt år. Men å utvide tilbodet med fleire plassar er ikkje aktuelt, iallefall ikkje enno.

Det synes student Aina Villanger er positivt.

- Vi er tolv no, og eg synes allereie det er litt mange. Ei mindre gruppe gjer det lettare å opne opp for samtale, og at fleire kjenner seg frie til å snakke, meiner forfattarstudenten.