Hopp til innhold

Ny skrivekunst-sjef

Det er litteraturvitaren Øyunn Viken som skal leie Skrivekunstakademiet i Hordaland dei neste fire åra

Den nye leiaren ved Skrivekunstakademiet, Øyunn Viken.

Øygunn Viken er påtroppande leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Foto: Rune Smistad

Etter å ha fullført hovudfag i 2001, har ho vore tilknytt Universitetet i Bergen i ni år, med arbeidsoppgåver som omfattar alt frå instituttrådsleiing til førelesingar og studentrettleiing.

Noverande leiar, Olaug Nilssen, takkar av i haust.

Litteraturkritikk

Viken skreiv hovudfag om litteraturkritikk, og har arbeidd som bokmeldar i Morgenbladet. Ho har også fleire gongar vore innom Skrivekunstakademiet som førelesar og sensor.

– Overgangen til høgskule har ført til auka press på administrasjonen ved
Skrivekunstakademiet , og styret er sikre på at Viken vil løyse dei administrative leiaroppgåvene på beste måte, seier styreleiar Hans Otto Robberstad.

Viken sin fagkompetanse blir eit supplement til lærarstaben, som frå før består av Øyvind Rimbereid (undervisningsleiar) og Gunnhild Øyehaug og Tormod Haugland (skrivelærarar).

– Gler meg

– Eg er særs motivert for å ta fatt på vidareutviklinga av akademiet, sidan
institusjonen er viktig og god, men samtidig har stort utviklingspotensiale. At det er rekordhøgt søkarantal til Skrivekunstakademiet i år, viser at skulen alt har godt ry, og det skal eg jobbe for å vidareføre, understrekar Viken.

– Sjølvsagt skal akademiet fortsette å tilby eit så godt undervisningstilbod som mogleg, og målet mitt er at Skrivekunstakademiet skal bli betre kjend for nettopp det, meiner påtroppande Skrivekunst-leiar.