– Det er eit eventyr. Folk har blitt veldig opptatt av det, både unge, vaksne, og eldre, seier Bente-Helen Schei.
For litt over eit år sidan hadde ho aldri lagt ut eit bilete på bildedelingstenesta Instagram, og sosiale medium var noko framand.
Då Bente-Helen i august i fjor la ut det første flettebiletet av dotter si var ho strålande nøgd med 30 følgjarar etter ei veke. No har ho over 85 000.
– Det er veldig mange som synst dette er kjekt. Det er blitt eit fenomen på eit vis, seier Bente-Helen.
(Saka held fram under videoen)
LÆR Å LAGE LUGGFLETTE:
Toppar salslistene
Dei mange flettebilete vart til slutt til «Fletteboka» som Bente-Helen gav ut i haust. No toppar boka salslistene, og det er kanskje ikkje så rart.
Bente-Helen lagar nemleg fletter mange aldri har sett maken til, og boka inneheld instruks på korleis ein kan lage heile 75 ulike fletter.
For NRK viser Bente-Helen mellom anna korleis ein lagar fireflette, fiskebeinsflette, tauflette, luggflette, og blomsterflette. Perler og snorer er med, og det manglar ikkje på kreativitet.
– Det blir rett og slett eit slags kunstverk oppe i håret, og eg trur det fangar interessa til folk fordi det er noko nytt. Plutseleg ser ein at fletter kan vera så veldig mykje meir, seier Bente-Helen.
– Ein kler seg med sminke og med klede, men kvifor ikkje gjere litt ekstra med håret også, spør ho.
(Saka held fram under videoen)
LÆR Å LAGE BLOMSTERFLETTE:
– Fordi det er gøy
Kanskje i motsetnad til andre suksesshistorier fører boksuksessen til Bente-Helen til meir tid med familien. Døtrene hennar får stadig ordna håret, og venninnene deira stiller også gjerne opp som flettemodell.
– Me får ei fin tid saman. Om morgonen er det ofte hektisk, men når me får det til, er det å flette ein fin og roleg start på dagen, seier Bente-Helen.
At det er kjekt å flette får Bente-Helen bekrefta når ho spør døtrene kvifor dei driv med fletting:
– Fordi det er gøy.
LÆR Å LAGE TAUFLETTE:
LÆR Å LAGE FISKEBEINSFLETTE: