Hopp til innhold

Sjekkar irsk bande opp mot Kina-tjuveriet

Ein irsk bande blir sjekka opp mot spor etter tjuveriet frå Kinasamlinga ved Kunstindustrimuseet i Bergen.

Tyver på kunstindustrimuseet

25 gjenstandar i Kinasamlinga blei stolne i innbrotet ved Kunstindustrimuseet i Bergen.

Foto: Overvåkningskamera

Tidleg på morgonen laurdag 5. januar braut to personar seg inn på Permanenten og stal til saman 25 gjenstandar .

Gjennom Interpol bad politiet i Bergen om internasjonal hjelp etter innbrotet. Britisk politi har kome med ei melding som kan vera interessant.

Politiet vil no sjekka ein irsk bande opp mot spor etter tjuveriet i Bergen.

– Meldinga er ikkje så veldig konkret anna enn at dei har eit potensielt miljø som kan tenkast å driva med dette, seier etterforskingsleiar Jørn Solsvik til NRK.

– Dei seier det ut ifrå at desse her har operert tidlegare med kunsttjuveri i Europa og Amerika og også opp mot Kina. Men ingenting konkret opp mot vår sak, seier Solsvik.

Banden er etterlyst av Europol

– Me har gått veldig breitt ut og me er i ferd me å prøva å sjå samanhengar i spora me har henta inn, fortel Jørn Solsvik.

Politiet i Bergen jobbar med å følgja opp opplysningane dei har fått frå britisk politi.

De stjålne gjenstandene fra Kinasamlingen

Dette er nokre av tinga som blei stolne. Plata med kinesiske symbol blei ikkje stolen.

Foto: Kunstmuseene i Bergen

– Me følgjer opp med å sjå om me finn spor av desse menneska her hos oss, seier Solsvik.

Banden er kjent som «Rathkeale Rovers», og den er etterlyst av Europol.

Har tru på oppklaring

Ifølgje den irske avisa Independent er banden «Rathkeale Rovers» mistenkt for å ha gjennomført ei rekke tjuveri frå galleri og museum over heile Europa, blant anna i Belgia, Frankrike og Tyskland.

Ein ekspert på stolen kunst har tidlegare uttalt at kunsten som blei stolen frå Kunstindustrimuseet i Bergen kan ha blitt frakta til Kina allereie .

Politiet i Bergen har framleis tru på at innbrotet kan bli oppklart.

– Me er framleis optimistiske og jobbar vidare, seier etterforskingsleiar Jørn Solsvik.

LES OGSÅ: – De framstår mer som B-gjengen enn mestertyver