Hopp til innhold

Ulvejakt i Spekedalen

Det blir nå jakta på ulv også i Spekedalen i Hedmark etter at minst 20 sauer er funne drepne i området. Også på Hedmarken blir det jakta på ulv.

Ulv illustrasjon
Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Fellingsløyvet for Rendalen er dermed utvida til også å gjelde Spekedalsområdet. Spekedalen er vanligvis mest utsett for jerv, og har ekstra tilsyn betalt av staten. Fellingsløyvet gjeld i første omgang til onsdag.

Resultatlaus jakt Hedmarken

Ulvejakta på Hedmarken i helga har ikkje gjeve noko resultat. Laurdag vart det funne skadde lam på Gåsbu, og jaktlaget sette opp postar i området. Men ingen av jegerane såg snurten av ulven.

 

Denne jakta pågår i delar av Hamar, Løten, Elverum, Åmot og Ringsaker.Fellingsløyvet går ut på fredag. Det blir ikkje drive aktiv jakt før det kjem inn nye meldingar om skadde eller drepne sauer.