Hopp til innhold

Vil ikkje ha barnevern på anbod

Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) reagerer sterkt på forholda ved Toten barnevern- og kompetansesenter.

Toten barnevern- og komeptansesenter / Karin Andersen

Stortingsrepresentant Karin Andersen meiner det er umoralsk å tene pengar på barnevern.

Foto: NRK /Scanpix

Denne veka kom det fram at Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har sagt opp avtala med senteret på Toten. Årsaka er at dei meiner at senteret og drivaren Mossi Zaferi ikkje har levert den tenesta dei har kjøpt.

– Ungdommane har rett og slett ikkje fått så mange til å hjelpe seg som det vi har betalt for, seier Kjetil Hillestad i Bufdir.

– Umoralsk

– Dette er ungar som skal ha ein heim. Ein kan ikkje leggje heimen til ungane ut på anbod, dei treng ein trygg stad å vere, seier stortingsrepresentant Karin Andersen frå SV.

Ho vil gjere om systemet slik at berre det offentlege sjølv, eventuelt i samarbeid med ideelle organisasjonar, får love til å drive med barnevern.

– Det må vere eit tilbod som blir gjeve frå nokon som berre er oppteke av barnevern, ikkje av folk som er oppteke av å drive forretning og mjølke ut mest mogleg pengar.

Ho meiner det er umoralsk å drive med barnevern berre for å tene pengar

Føler seg forsvarslaus

Gjennom å drive barnevern for staten har eigaren av Toten barnevern- og kompetansesenter har tent seg opp ei formue på 50 millionar kroner dei siste åra.

– Eg har arbeidd i over 20 år. Og eg har arbeidd hardt.

Han seier han føler seg forsvarslaus og hjelpelaus, og kjenner seg ikkje at i kritikken av behandlingstilbodet. Han meiner alle barna som har vore der har fått all den omsorga dei skal ha, og at dei kan vise til svært gode resultat.

– Eg har ein gjennomtenkt arbeidsmodell. Den er eg stolt av, og det skal ingen ta frå oss, seier Mossi Zaferi.

Video Toten barnevern- og kompetansesenter har mistet avtalen med staten

Toten barnevern- og kompetansesenter har mistet avtalen med staten