Hopp til innhold

- Tilfeldig at eg dykka først

Dykkaren som fann 230 år gammal champagne i eit gammalt skipsvrak i Østersjøen, blir no skulda for snusk.

Champagne

Champagnen som blei funnen i eit skipsvrak utanfor Åland skal ha en verdi på over 400.000 kroner per flaske. ILLUSTRASJONSFOTO.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Dykkaren Christian Ekstrom fann tidlegare i sommar fleire flasker 230 år gammal eksklusiv champagne i eit skipsvrak i Østersjøen. No vert kan skulda for å ha stole posisjonen til vraket, melder NTB.

I eit brev til styresmaktene på øya Åland stiller øyas sjøfartshistoriske selskap spørsmål ved korleis Ekstrom fekk kjennskap til kvar vraket ligg. Ekstrom, som sjølv er ålending, nektar ifølgje avisa Nya Åland for å ha gjort noko galt.

– Eg har ikkje halde tilbake nokon opplysningar. Det var berre tilfeldigvis eg som dykka først, seier han.

–Uvesentleg

Ekstrom meiner informasjonen om vraket på ingen måte har vore løynd, og at det er uvesentleg kven som fann vraket sidan det uansett tilhøyrer ålandske styresmakter.

Fleire andre ålandske dykkarar meiner at dei fekk vite om vraket allereie i 2007, medan Ekstrom først fekk greie på det to år seinare.

Ekstrom tok med seg ei av de 30 flaskene med Veuve Cliquot, også kalla «gul enke», opp til overflata. Vinkjennaren Ella Grussner Cromwell-Morgan har prøvesmaka champagnen, som truleg vart produsert midt på 1780-tallet.

Ho seier den usedvanleg gamle årgangen smakar heilt fantastisk.

(NTB)

SISTE NYTT

Siste nytt