Hopp til innhold

– For mange razziaer i Noreg

– Økokrim set menneske i gapestokk ved å utføre altfor mange unødvendige ransakingar, meiner professor Petter Gottschalk.

Økokrim
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

BI-professoren har granska Økokrim sine arbeidsmetodar.

Han meiner politietaten ein gong i månaden gjennomfører razziaer eller ransakingar i saker som seinare blir henlagde.

– Det alvorlege ved dette er at uskuldige menneske blir hengt ut i det offentlege utan at dei er dømde for noko som helst. Ved ransakingar blir det nemleg ofte kjent gjennom media kven som er mistenkte og sikta, seier professoren.

– Skal ikkje lage støy

Trond Eirik Schea

Trond Eirik Schea, konsituerande Økokrim-sjef.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Økokrim fører ingen statistikk over kor mange saker som er henlagde, der det tidlegare er blitt utført ransaking. Men ei kartlegging NRK har gjort av saker omtalt i media, viser at det har skjedd minst ti gonger dei siste tre åra.

– Eg trur talet er høgare. Det er kritikkverdig fordi Økokrim har ikkje som oppgåve å lage støy. Dei bør heller bruke ressursar på å oppklare økonomisk kriminalitet, seier professor Gottschalk.

Han meiner Økokrim ville oppnådd meir ved å arbeide rolegare.

– Ransaking ofte naudsynt

Men konstituerande Økokrim-sjef, Trond Eirik Schea, synst BI-professoren bommar med kritikken.

Håkon Schiong

Håkon Schiong, advokat.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Vi forstår at det ikkje er hyggeleg å bli ransaka i sin eigen heim. Men vår 20-årige erfaring tilseier at det ofte er naudsynt for å sikre alle fakta og bevis i dei store sakene.

Han legg til at Økokrim har som mål at sakene ikkje blir omtalt i media, så lenge dei er under etterforsking.

– Mange utsette for overgrep

Men det viser seg altså å vere vanskeleg i somme tilfelle. Det har advokat Håkon Schiong erfart.

I mai 2007 vart han sikta – og seinare ransaka – i sin eigen heim. Nokre månader og fleire avisoppslag seinare, vart saka henlagt.

– Razziaen kom som lyn frå klår himmel. Eit halvt fotballag frå Økokrim stod plutseleg utanfor døra mi. Viss lista ikkje er høgare enn dette, trur eg mange er utsette for store overgrep av Økokrim.

AKTUELT NÅ