Hopp til innhold

Brimi-nei til smilefjesordning

Norske restaurantar og spisestadar kan bli merka med smilefjes. Arne Brimi gliser ikkje over forslaget.

Arne Brimi
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Stort smilefjes betyr at maten er laga med reine knivar og kjelar, medan ein sur munn betyr at du kanskje bør vurdere å bytte yndlingsrestaurant.

Pilotprosjektet med å merke restaurantar etter dei hygieniske forholda kan bli nasjonal. I ei brukarundersøking gjennomført av Mattilsynet, vil nemleg ni av ti innføre ei smilefjesordning ved norske spisestadar.

Har betre tru på internkontrollar

Dermed kan langt fleire enn dei 400 hundre pilotspisestadane i Trondheim, Sør-Innherred og Yre Nordmøre bli merka for publikum. Men kjendiskokk Arne Brimi synst forslaget smakar dårleg.

- Det er vanskeleg å få ein komplett oversikt over alle restaurantar i landet. Og korleis skal ein klare å forbetre ryktet sitt om ein først har fått eit surt andlet? Eg veit jo at om ein resturant får ein negativ aviskritikk ein gong, vert den hengande over spisestaden i lang tid etterpå – sjølv om forholda vert forbetra, seier han til NRK.no.

- Men er ikkje synlege andlet ei ordning som gjer det enkelt for restaurantgjestene å vite om hygienen er bra?

- Bransjen vår har behov for full tillit og eg trur smilefjes er enkle å forholde seg til. Likevel har eg betre tru på dei interne kontrollane til Mattilsynet. Reglane bør vere like over heile landet, og alle bør følge dei etter beste evne.

Bensinstasjonar er ikkje med

Smilefjesordninga til Mattilsynet

Stort smil, lite smil, strekmunn og surmunn.

Foto: Mattilsynt/ANB

Spisestadane i pilotprosjektet får etter kvar kontroll ein rapport hengande på veggen, godt synleg for gjestene. Hensikten er at kunden skal få full oversikt over viktige forhold som hygiene, reingjering og vedlikehald.

Men gatekjøkken og bensinstasjonar er ikkje med i prosjektet. Det forundrar Brimi.

- Alle bør vere med, spesielt bensinstasjonar. Når ein ser at det vert veksla pengar med den eine handa og servert mat i den andre, aukar ikkje akkurat det appetitten.

- Prosjektet har vore ein suksess

Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bede Mattilsynet om å greie ut ei smilefjesordning i Norge. Nå er det opp til politikarane om ordninga vert nasjonal.

- Prosjektet har vore ein suksess. Brukarane vil i alle fall ha dette på plass, seier kommunikasjonsansvarleg i Mattilsynet, Kjell Løvik, til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

AKTUELT NÅ