Hopp til innhold

SV går inn for heildagsskule

SV vil slå saman undervisning og SFO og ha lengre skuledag for dei yngste, men partiet får motbør av regjeringskollega SP.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Med eiga oppvekstreform og fleire undervisningstimar skal partiet nå målet om betre læring.

Kommenter framlegget frå SV nedst i artikkelen.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har stor tru på utvida skuledag for dei yngste.

- Tilbakemeldingane frå alle stader det dette er prøvd ut, er svært positive, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_15_7_57_49_2445.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Heildagsskule gjev meir læring, det gjev elevar som trivst betre, det gjev meir fysisk aktivitet og eit betre og meir heilskapleg tilbod som foreldra er nøgde med.

Bård Vegar Solhjell

Prislapp: 5 - 8 milliardar

Skulen SV planlegg skal ha ein lang pause midt på dagen. Etter ei ny undervisningsøkt skal alle elevane deretter få tilbod om gratis SFO-time.

Pengar til skulemat har SV ikkje prioritert. Likevel er prisen på forslaget på 5-8 milliardar kroner.

- Statleg overstyring

Ine Marie Eriksen Søreide

Ine Marie Eriksen Søreide (H).

Foto: NRK

Ine Eriksen Søreide i Høgre meiner desse pengane heller bør brukast på undervisning.

- Høgre har heile tida vore klare på at vi prioriterer skuletid framfor skulefritid, og det kjem vi til å gjere også når dette forslaget kjem på bordet.

Dagrunn Eriksen i KrF meiner SV sine skuleplanar grip altfor langt inn i privatlivet til folk.

- Dette er ei statleg overstyring og neste spørsmål er jo om dei kjem til å kome heim for å vekkje oss, seier ho.

KrF

Dagrunn Eriksen (KrF).

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Flinkare og friskare elevar

Solhjell trur likevel at mat, aktivitetar og gratis SFO-time gjev flinkare og friskare elevar.

- Ungar er jo ofte borte sju til åtte timar. Då må tilbodet dei får vere av kvalitet, både den delen som er skule og den delen som er SFO, og det må fyrst og fremst henge saman. Det er det vi skal få til med den store nye læringsreforma, seier han.

Får ikkje Senterpartiet med seg

Senterpartiet støttar ikkje ei samanslåing av skole og skolefritidsordninga, slik SV vil. Det uttalar leiar av Senterpartiet sin programkomite, Nils Aarsæther.

Senterpartiet vil tvert om utvikle og tilpasse SFO for å skape ein heilhetleg skolekvardag – og barnekvardag. I samarbeid med idrettslag, kulturskolar og andre kan SFO vere løysinga, ut frå elevane sine behov for fritidsaktivitetar innan kultur og idrett – og til leksehjelp.

Ei god utvikling av SFO vil redusere den omfattande køyringa av barn frå og til trening/øving på ettermiddagstid, føre til at kapasiteten på idrettshallar blir betre fordelt, og gi meir tid til familieliv på fritida.

AKTUELT NÅ