Hopp til innhold

Til kamp mot krigsforbrytarar

Justisministeren vil at fleire krigsforbrytarar skal bli tatt og stilt for retten i Noreg. Han opprettar åtte nye stillingar ved Kripos for å etterforske slike saker.

Videoopptak fra Srebrenica-massakren

Fra et videoopptak fra Srebrenica-massakren.

Foto: AP

-Det er veldig viktig at nasjonar som Noreg tar denne typen internasjonale brotsverka på alvor, og at vi får opp fleire saker, seier justisminister Knut Storberget.

Uskuldige må vidare

- Og dei sakene som ligg på vent, og personane som er mistenkte, må snart få ei avklaring slik at dei som er uskuldige kjem seg vidare i livet, seier han.

I dag jobbar eit arbeidslag på åtte personar med å etterforske krigsbrotsverk. 60-70 saker ligg i bunken deira. Kripos-sjef Odd Olsen Ingerø seier dei har ein vanskeleg jobb når dei skal etterforske brotsverk i Serbia, Kroatia eller Rwanda:

Vanskeleg ar beid

-Brotsverket ligg ofte mange år tilbake i tid, staden der brosverk er utført kan vera utsletta og det er vanskeleg å skaffe dokumentasjon på kva som verkeleg har skjedd, seier han.

Det er bra at gruppa med etterforskarar blir dobbelt så mange, seier ein fornøgd Kripos-sjef

-Ja vi vil auka kapatsiteten på etterforsking, vi vil få fleire saker avgjort. Vi har hatt eit betydeleg tall saker liggjande og vonar å få dette arbeidet unna, seier Odd Olsen Ingerø.

Frihavn

Kritikarar har meint at Noreg sto i fare for å bli ei frihavn for

Knut Storberget

Justisminister Knut Storberget.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

krigsforbrytarar. I dag vedtek stortinget nye lover om krigsbrotsverk. Dei grovaste handlingane skal kunne bli straffa med fengsel i 30 år. Men ei god lov er ikkje nok, vedgår Storberget.

-Vi må også få etterforska sakene og brukt lovene slik at vi får nokre dommar på eit så viktig område. Det er svært kompliserte saker, det er derfor vi doblar etterforskingskapastieten, seier han, og legg til:

- Målet er fleire straffesaker på dette området i Noreg!

AKTUELT NÅ