Hopp til innhold

Pilotprosjekt for CO2-reinsing

Kolkraftverket i Longyearbyen kan bli eit pilotprosjekt for forsking og testing av ny og effektiv reinseteknologi for CO2.

 

Ovn
Foto: NRK

Longyear Energiverk er det einaste kolkraftverket i Noreg. Det skaffar straum og fjernvarme til heile byen.

Men energiverket spyr ut store mengder CO2 og andre skadelege stoff. Klimagassen CO2 går rett ut i atmosfæren utan reinsing.

No kan dette kolkraftverket få ei nøkkelrolle i arbeidet med å utvikle og teste reinsemetodar for CO2. Det nye prosjektet har komme i stand på initiativ frå direktøren ved Universitetssenteret på Svalbard, Gunnar Sand.

Pilotprosjekt

- I dette energiverket kan det monterast eit reinseanlegg for CO2 som samtidig kan vere eit pilotprosjekt for forsking og teknologiutvikling, seier Sand.

- Det er grenser for kor langt ein kan komme på eit laboratorium. Ein er nøydd til å teste teknologien på eit anlegg, i stor målestokk. Her på Svalbard har vi jo faktisk eit kolkraftverk i full drift. Her kan vi få på plass eit fullskala reinseanlegg, seier han.

Kan eksportere ny teknologi

Fangst og deponering av CO2 er enno ikkje utprøvd i full målestokk i eit kolkraftverk.

 

Professor Gunnar Sand på Svalbard
Foto: NRK

- Kva verdi kan eit pilotprosjekt her i Longyearbyen få internasjonalt?

- Dersom vi satsar på forsking og utvikling her, vil vi kunne bidra til ei miljøvennleg energiløysing som har verdi internasjonalt, både for kol- og gasskraftverk. Ei teknologiutvikling her opnar vidare for å kunne kommersialisere den same teknologien i regi av norsk industri, seier han.

Det er planar om to kolkraftverk på Vestlandet. Der vil ein eventuelt bli kvitt CO2-en ved å pumpe den ned i oljebrønnane i Nordsjøen.

- Her på Svalbard kan CO2-en deponerast i grunnen. Derfor vil dette kunne vere eit godt pilotprosjekt for teknologiutvikling både når det gjeld CO2-reinsing og -deponering, seier Sand.

Kol er framtida

- Historisk har kol vore svært viktig på Svalbard, sidan dette var den viktigaste energikjelda. I mange år har ein vore oppteken av å fase dette ut, på grunn av den omfattande forureininga frå kolkraftverket. Realiteten no er vel at kol faktisk er framtida på Svalbard, seier Sand.

- Eg trur også det er interessant for oss her i Noreg å dreie forkus over frå gass til kol, for kol er den desidert største energikjelda i verda i dag, og vil vere det så langt vi kan sjå framover.

Bydrift Longyearbyen, som driv energiverket, ser gjerne at dette blir eit pilotanlegg for reinsing.

- Vi er svært glade for dette initiativet, seier Vegard Gjerde, som er styreleiar i Bydrift Longyearbyen. - Kan vi få på plass reinsing i det eksisterande hovudkraftverket og i eit eventuelt nytt reservekraftverk som vi planlegg, vil dette vere av stor verdi.

- Både styresmaktene og vi som bur her er opptekne av miljø og forureining. Vi ser fram til eit samarbeid med styresmaktene og forskingsmiljøa om dette, seier Gjerde.

 

Dag Ivar Brekke
Foto: NRK

Ansvarleg miljørolle

Også kolprodusenten på Svalbard støttar planane. Store Norske driv utvinning av kol både i Longyearbyen og i Svea. Gruve 7 i Longyearbyen leverer kol til det lokale energiverket, men mesteparten av kolet blir eksportert til Kontinentet.

- Svalbard er eit område der Noreg legg vekt på å ha ein svært seriøs og ansvarleg miljøprofil. Her har vi det einaste kolkraftverket i landet, eit komplett energisystem der det ligg godt til rette for å skaffe seg erfaringar med reinseteknologi, seier viseadministrerande direktør i Store Norske Spitsbergen Kulkompani, Dag Ivar Brekke.

- Dersom vi kunne bruke den infrastrukturen vi har her til å forske og utvikle teknologi for rein og ansvarleg bruk av kol, så ville det vere kjempespennande, seier han.

- Vil Store Norske støtte dette?

- Ja, vi kjem til å støtte dette med stor entusiasme og leggje til rette for at det kan utførast forsking på dei anlegga vi disponerer. Vi meiner at vi som produsent av kol har eit ansvar for at den vara vi sender ut i verda blir brukt på ein forsvarleg måte, seier Brekke.

Må få slutt på utsleppa

Miljøvernsjefen hos Sysselmannen på Svalbard, Rune Bergstrøm, meiner den kunnskapen ein kan få gjennom eit pilotprosjekt i Longyearbyen vil vere av stor internasjonal verdi.

 

Rune Bergstrøm
Foto: NRK

 

- Svalbard skal kunne "skilte med" eitt av dei best forvalta villmarksområda i verda, men så har vi altså eit kolkraftverk her som forureinar mykje. Derfor er det viktig at kraftverket no får på plass eit system som reinsar CO2 og andre skadelege utslepp. Får vi til det, har vi fått til noko vi kan vere stolte av, seier Bergstrøm.

- 40 prosent av all elektrisitet i verda blir produsert i kolkraftverk. Det blir bygd eitt kolkraftverk i verda kvar veke. Samtidig er utsleppa frå desse kraftverka eitt av dei største miljøproblema vi har.

Utfordringar

- Noreg er ein viktig aktør internasjonalt når det gjeld miljø. Dersom vi no kan utvikle god teknologi og hindre utslepp av klimagassar, vil dette ha ein uvurderleg verdi for miljøet, og det vil kunne bli ein svært etterspurt eksportartikkel frå Noreg, seier Rune Bergstrøm.

- Nøkkelen til å gjennomføre dette kan altså liggje her?

- Ja, for her har vi eit kolkraftverk, og det er ikkje så veldig stort, så det kan gjerast utan dei heilt store kostnadene.

Onsdag i neste veke skal pilotprosjektet for CO2-reinsing drøftast på eit møte med Miljø- og Justisdepartemenet i Oslo.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger