Hopp til innhold

Steinar store som bilar sperrar E39 - vegen kan tidlegast opne i ettermiddag

Steinblokker like store som varebilar dundra natt til tysdag ned på E39 ved Skjersura i Jølster. Vegen er heilt stengd og det vil truleg gå lang tid før vegen kan opne.

Store steinar dundra ned i vegbana ved Skjersura på E39 i Jølster

STORE STEINBLOKKER: Steinblokkene som rasa ned i vegen ved Skjersura på E39 i Jølster var store som bilar.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Statens vegvesen sin geolog er kome til staden og gjer seg klokka 11.30 klar for å vurdere fjellsida frå helikopter.

Først når vedkommande har vore i lufta og vurdert sleppområde vil det bli bestemt om vegen kan ryddast og eventuelt opnast.

Dersom geologen gir klarsignal til rydding av vegen vil det uansett gå tid før vegen kan opne.

Dei store steinane må sprengast vekk, og dette arbeidet vil ta tid. Etter det NRK får opplyst frå Vegvesenet skal det ikkje vere omfattande skader på sjølve vegbana.

– Store som bilar

Politiet fekk melding om raset klokka kvart på to natt til tysdag.

Den første meldinga gjekk på at det hadde gått eit steinsprang, og det viste seg raskt at det var snakk om store steinblokker som hadde dundra ned i vegen.

– Det var snakk om iallfall tre store steinar som var sagt at dei var på storleik med bilar og større enn det, seier Marius Rove ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Etter det NRK får opplyst skal steinane ha losna i fjellsida vel 200 meter lenger mot Ålhus enn der det vanlegvis brukar kome stein. Folk på staden fortel til NRK.no at dei tre steinane er større enn store varebilar.

(Artikkelen held fram under)

Store steinblokker rasa ned på E39 ved Skjersura i Jølster

STORE: Dette er ein av steinane som dundra i vegbana på E39 i natt.

Foto: NRK-tipsar

Ingen bilar tekne

Dei første som kom til rasstaden kom først etter at steinane hadde dundra i vegen, opplyser politiet.

– Vi har ikkje noko grunn til å tru at det har vore bilar i nærleiken når det har rasa, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Ingen har sett raset etter det vi veit. Den som melde frå kom til raset etter at det var gått, seier han.

Og nettopp det prisar politiet seg lukkeleg for. Med steinar store som personbilar kunne det fått fatale konsekvensar om nokon hadde vore på staden i det raset gjekk.

– Ein kvar kan tenkje seg til kva som kunne skjedd dersom det var bilar der. Det er ein fare når vi bur på Vestlandet at det kan rase, seier Vereide.

Utover raset har politiet fått eit par meldingar om mykje vatn i vegane enkelte plassar.

(Artikkelen held fram under)

Store steinar dundra ned i vegbana ved Skjersura på E39 i Jølster

STENGD: Vegen har vore stengd sidan raset som vart meldt inn like før klokka to natt til tysdag.

Foto: NRK-tipsar

Geolog til staden når det lysnar

Politiet varsla Vegtrafikksentralen og entreprenør vart raskt send til staden for å vurdere omfanget. Men steinane var så store at ein ikkje torde rydde eller opne vegen.

– Førebels er området sikra, og vegen stengd. Ein geolog vil kome til staden og gjere ei vurdering når det lysnar i forhold til ytterlegare rasfare, seier Rove til NRK.no.

Skjersura ved Jølstravatnet er eit kjent raspunkt, og det er ikkje lenge sidan det vart jobba i vekevis med å reinske fjellområdet .

Kommunen og pendlarar vil at vegen skal bli lagt i tunnel forbi staden, men det er førebels ikkje sett av pengar til dette.

Omkøyring for bilar under 3.5 tonn

E39 forbi Jølstravatnet er ein sterkt trafikkert pendlarveg, og det er mange som vil møte stengd veg i morgontimane. Mindre bilar kan køyre om på andre sida av Jølstravatnet.

– Det er lagt opp til lokal omkøyring for dei under 7.5 tonn på fylkesveg 451 som går på sørsida av Jølstravatnet. Tunge køyretøy må finne andre alternativ.

Det har tidlegare blitt kaotiske tilstandar på denne omkøyringsvegen ved liknande hendingar, men ifølgje Rove ved Vegtrafikksentralen håpar ein unngå dette ved å berre opne vegen for mindre bilar.

(Artikkelen held fram under)

Rasområde ved Skjersura på E39

AVSPERRA: Området der raset har gått er tysdag føremiddag framleis avsperra.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Uvisst kor tid vegen kan opne

I 06.20-tida er det førebels roleg med trafikk på omkøyringsvegen. På E39 er det sett opp sperringa på begge sider av raset. På Ålhus blir bilistar som kjem frå Vassenden møtt av sperringar, og her står det i 06.20-tida ein buss og ein lastebil.

– Det skal stå fleire lastebilar på Skei-sida, og det ser ut til at dei blir nøydd til å vente ei stund, seier NRK-reporter Silje Guddal som er på staden tidleg tysdag morgon.

Ifølgje Vegtrafikksentralen kan det ta fleire timar før vegen kan opne att. Også etter at geologen har vore på staden.

– Kor tid kan ein tidlegast tenke seg at vegen opnar att?

– Det blir opp til geologen å vurdere når han kjem etter at det lysnar. Men steinane er så store at entreprenøren må til med sprengladningar før dei kan flytte på steinane, seier Rove.

(Artikkelen held fram under)

Bilistar møter stengd veg ved Ålhus etter eit steinsprang på E39 ved Jølstravatnet

MÅ VENTE: Det er ikkje lokal omkøyring for store bilar, og dermed vel mange av dei å vente ved rasstaden. Her står ein semitrailer ved sperringane ved Ålhus.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fleire sørpeskred

Magne Ove Inderøy i entreprenørselskapet E. Opedal & Sønner seier dei har fått mange telefonar i løpet av natt til tysdag om hendingar på vegane.

– Det har vore litt forskjellig. Vi har fått mange telefonar om sørpeskred, snø og stein som har kome ut i vegane i Sunnfjord, seier han til NRK.no.

Med tanke på vêromslaget og at nedbøren sidan i går har kome som regn er han litt overraska over at det ikkje har kome ned fleire store ras.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «E39 Skjersura stengd av ras» i nytt vindu