SISTE: Like før klokka 17 melder Statens vegvesen at vegen er open for fri ferdsel. Ein geolog har sett rasområdet frå lufta og funne at det er trygt å opne vegen att.
Snø og stein
Politiet fekk klokka 13.40 melding om at det hadde kom ned snø og stein på vegen mellom Skei og Ålhus. Ifølgje politiet skal det ikkje vere snakk om dei store mengdene, men vegen blei stengd.
Det er i området Skjersura at snøen og steinane har kome ned. Dette er eit område der det også tidlegare har kome ned stein frå fjellsida.
Fleire av steinane som har kome ned ligg utfor vegen, og ut på isen på Jølstravatnet.
– Det har vore bra fart i steinane som kom nedover, for steinane har hamna utpå isen. Den steinblokka som no losna, har vore under oppsyn sidan 2011, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Geolog i helikopter
Ein geolog kom til staden med helikopter. Han såg på rasområdet frå lufta.
Medan vegen var stengd, var det omkøyring for små køyrety på sørsida av vatnet på fylkesveg 615. Vogntog og semitrailerar får ikkje køyre her og måte vente til E39 opna.
Trafikken korka seg
På den smale vegen på sørsida, blei det raskt trafikk-kork. Det var vanskeleg for bilar å passerer kvarandre og trafikken gjekk seint. Dermed blei det innført kolonnekøyring med ledebil.
– Det er ganske kaotisk der no. Ledebilen vil gå i skytteltrafikk så lenge E39 er stengd, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen til NRK.no klokka 15:50.